Jesus vil at hans tempel skal vera eit bønehus for alle folkeslag. Det vil me ta på alvor. Me som trur er hans tempel i dag, og aldri før har me hatt reidskapar som no til å vita kven me skal be for og kva me skal be om. Difor vil me i denne bloggen gje deg informasjon om og hjelp til å be for nasjonar, unådde folkeslag, forfølgde kristne, forutan for folk som kjem opp i kritiske situasjonar. Følg med, og send gjerne inn dine bidrag til jethore@online.no, eller på bloggen sin kommentarplass.
mandag 29. desember 2025
Oslo
søndag 28. desember 2025
Dagens unådde folkeslag: Purohit-brahminarar i India
Folketal: 112000. Religion: Hinduisme
Utbreiing: Sjå kart frå joshuaproject.net
Luster i Sogn i Vestland
Kommunesenter: Gaupne
To kristne drepne i attentat mot kyrkje i Nigeria
Angriparane forårsaka òg betydelege eigedomsskadar, ved å setje fyr på delar av kyrkjebygget, køyretøy og andre eigedelar. Prestebustaden vart fullstendig øydelagd i brannen. Sjølv om gjerningsmennene framleis er uidentifiserte, har politiet starta ei etterforsking og sterkt fordømt valdshandlinga.
Statens politimeister skildra hendinga som ei "avskyeleg og avskyeleg handling" som er "eit alvorleg angrep på våre felles verdiar om fred, livets ukrenkjelegheit og fridom til å tilbe." For å sjå andre rapportar om forfølginga av våre kristne brør og systre i Nigeria, gå til vår landrapport.
Be om at "all trøysts Gud" vil trøyste og styrkje alle som sørgjer over tapet av desse to truande (2 Korintarane 1:3). Be Herren om å bringe varig endring til Nigerias tryggleikstilstand i det komande året, og gje sitt folk fridom til å tilbe i tryggleik og fred. Be også om at alle truande over heile landet må halde fram med å nå ut med evangeliet om Jesus til kvart lokalsamfunn, den einaste bodskapen som kan gje menneska eit evige håp.
onsdag 24. desember 2025
Idretts-Noreg i sjokk og sorg
Meldinga om at skiskyttar Sivert Guttorm Bakken (27) vart funnen død på hotellrommet sitt i Italia i dag tidleg, har rysta heile Noreg. Han var på treningssamling med landslaget. Det vekker opp minner og kjensler me hadde då symjaren Aleksander Dale Oen døydde heilt overraskande for 13 år sidan. At tilsynelatande friske, unge og veltrente menn brått døyr, er umogeleg å venja seg til.
Far i himmelen! Sjå i nåde til den næraste familien til Sivert Guttorm Bakken. Kom til dei med trøyst og styrke, og minn dei på at dei kan venda seg til deg med si sorg. Må alle som er berørt av dette ubegripelege dødsfallet kalla på namnet ditt, sørga for ditt andlet, finna håp i deg og hos deg, og eg ber om at dødsårsaka må avklarast raskt, slik at alt som kan falla på plass fell på plass. Amen!
lørdag 20. desember 2025
Årdal i Vestland
Gode Far!
Driv arbeidsfolk ut til din haust i Årdal. Aus Anden din ut over alle som bur
der, og gje dei ei djup forståing av at du finst, at dei er skapte av deg, og
for deg, at dei er elska og at dei treng å bli frelst frå sine synder. Styrk og
forny dei truande som alt bur der, og hjep dei å leva som sanne disiplar.
Velsign kommunen med gode og rettsindige leiarar, og med godt fungerande
institusjonar. Vern barn og unge mot alt og alle som kan forføra og skada
dei. Me ber i Jesu namn. Amen!
Kronprinsesse Mette Marit
Gode Gud! Me ber i Jesu namn om lækjedom for kronprinsesse Mette Marit. Må di kraft koma over henne, og din Ande reinsa lungene hennar for arrvev. Me ber også om at ho skal få styrke til å bera alle dei påkjenningane og all den smerten som er blitt lagt på henne dette siste året. Amen!
fredag 19. desember 2025
Lærdal i Vestland
Kommunesenter: Lærdalsøyri
Næringsliv: Jordbruk, turisme og kraftproduksjon.
Kyrkje og kristenliv: DNK er den einaste aktøren. Borgund stavkyrkje, den største i sitt slag, er å finna i Lærdal.
Gode Gud og Far!
Me ber i dag om at lyset frå Jesus skal lysa opp alle som bur i Lærdal. Kom til dei med tru, frelse, framtid og håp.
Reis opp sterke, varme og ekspanderande kristne fellesskap i kommunen.
Styrk dei kristne som bur der med din Ande. Må dei leva i deg, Herre, bli fornya i trua, sjå tinga slik du ser dei og ha klart for seg dei måla du har for liva deira. Amen!
søndag 14. desember 2025
Terror mot jødar i Australia
mandag 8. desember 2025
Aurland i Vestland
onsdag 3. desember 2025
Ukraina
Gode Gud og Far! I dag ber me om at Ukraina skal halda fram som ein suveren, sjølvstendig nasjon.
Me ber om at Russland skal lida nederlag på slagmarka og bli tvinga på retur.
Me ber om at forsvarsleiinga skal finna gode strategiar for å lukkast i krigen.
Me ber om at Ukraina skal støttast av alle vestmaktene, inkludert USA
Me ber om at Ukraina skal vera ein nasjon av truande menneske som hyllar Jesus og held hans bod.
Me ber om at du skal reinsa nasjonen for korrupsjon.
Me ber om styrke og stor visdom til presidenten, og til resten av den politiske leiinga
Me ber om lækjedom for dei skadde, om effektiv vern av sivilistar og av sivil infrastruktur, me ber om at landet skal koma seg på fote att. Ta deg av alle enker og farlause, etter ditt ord. Amen!
mandag 1. desember 2025
Sogndal
Budsjettkaos
Det er budsjettkaos på Stortinget.
Regjeringa slit med å få fleirtal for noko som helst.
Mi bøn er slik:
Gje Senterpartiet audmjuka seg og gå over til borgarleg side slik at me kan få regjeringsskifte, og hjelp FrP til å leggja bort konfrontasjonslinja si andsynes Sentrepartiet og bli eit godt samarbeidsparti. Og hjelp også Venstre og Høgre til å venda attende til sine gamle kristne røter slik at dei kan samarbeida godt med KrF. Amen!
Ja, ja. Det er ikkje lett på borgarleg side heller. Men dette er pri 1 for meg.
Den venezulanske presidenten Nikolas Maduro arrenstert
I natt gjennomførte, på ordre frå USA-president Donald Trump, amerikanske spesialstyrkar ein aksjon i Venezuela sin hovudstad, Caracas, som...
-
Sør-Korea har eit folketal på 56,6 millionar. 31% er i følgje Operation World kristne. 16,8% er evangeliske. Den enorme kyrkjeveksten som v...
-
Politiet i Nakhitsjevan hadde ei tid overvaka eit hus i der kristne møttest. Ein søndag i april storma så rundt 20 politifolk eit søndag...
-
Ein reknar med at 100 000 kristne er plasserte arbeids- eller konsentrasjonsleirer i Nord-Korea. Ingen kjem levande ut. Be om Guds mektige...


