tirsdag 23. september 2025

Assyrisk kristen frå Irak brutalt drepen i Lyon

 Laurdag den 10. september, då Charlie Kirk vart drepen ved eit universitet i Utah, USA, leid ein kristen irakisk flyktning  martyrdøden i Lyon, Frankrike. Ashur Sanaya var funksjonshemma og sat i rullestol. Han posta flittig om Jesus på TikTok, og kritserte islam. Han hadde blitt truga på livet for dette, men let seg ikkje stoppa. Jesus var hans store lidenskap, og han ville så gjerna nå ut med evangeliet til så mange som mogeleg. Men laurdag 10. september var det slutt. Medan han streama ein bodskap utanfor huset sitt, vart han knivstukket i nakken av ein til no ukjent mann. Livet hans stod ikkje til å redda. 

Ashur Sanaya og søstera flykta frå Irak då  den uvanleg brutale og morderiske islamske organisasjonen IS erobra store deler av landet i 2014. Tallause kristne vart krossfesta og halshogne av IS der dei fór fram. 

 Sanaya var kjent mellom dei kristne i Lyon som ein "snill, diskret og djupt religiøs person som likte å dela den trua si med andre." 

Så vart det ikkje éin martyr denne spesielle dagen, men minst to: Ashur Sanaya og Charlie Kirk. Lat oss hugsa dei begge, og æra minnet deira på den måten at me også deler trua vår med andre. 


Kjelder: International Christian Concern og syriacpress.com

Herre Jesus! Talet på martyrar aukar dag for dag. Trøyst og styrk deira næraste, og hjelp oss å gå i deira fotspor. Amen!

Ingen kommentarer:

Allmektige, gode Gud! Sjå i nåde til alle i det jødiske samfunnet i Australia som i dag vart utsette for terror under feiring av Hanukkah. T...