fredag 10. januar 2025

Påtroppande president Trump sine uforståelege geopolitiske forslag

Påtroppande president Donald Trump trugar alt no å overta kontrollen over Panamakanalen og Grønland med militæmakt, og han ønskjer å innlemma Canada i USA. Dette er rett og slett uvenleg diktatorsnakk, og me ber: 

Herre Jesus!

Me ber i ditt namn om at du tek kontroll over påtroppande president Trump sitt liv og hans måte å tenkja og snakka på. Må han helga deg til Herre, og leggja vekt på å konsolidera deg før han uttrykkjer seg. Eg vil at han skal reflektera dine verdiar, og at presidentperioden hans skal bli hugsa som ei gyllen tid for verda. Eg vil at han skal vera ein som forsvarar USA sine vener og allierte,  og ikkje på nokon måte trugar dei. Amen!

Ingen kommentarer:

Stavanger i Rogaland

  Stavanger er med sine 150 000 innbyggjarar den fjerde største byen i Noreg.  Stavanger er oljehovudstaden i Noreg, og eg kan vel tenkja me...