fredag 31. januar 2025

Bøn for dagen

 Gode Far!

Me ber i dag om at du skal verna alle som er ute på reise slik at dei kjem seg trygt fram til der dei skal. 

Dramatiske ting har skjedd dei siste to døgna. Flystyrt i Washington DC, snøras i Alpene, dobbeltdrap i Bergen, fælslege krigshandlingar i Kongo og Sudan

Gode Gud! Gje dei sørgande trøyst og mot til å leva vidare. Hald di gode, vernande hand over dei som enno ein gong må flykta for liva sine, og me tenkjer særleg på barna og mødrene deira. Vern kvinnene mot valdtekt og andre overgrep. 

"Reis deg, Herre, lat ikkje menneske få makt. Lat folka få sin dom for ditt andlet. Fyll dei med redsle, Herre, og lat dei forstå at dei berre er menneske!" 

Ingen kommentarer:

Martyrkyrkja. Grov trakassering av ung kristen kvinne i Pakistan

Adan Sabir, ei 19 år gammal kristen jente frå Faisalabad i Pakistan, lever i eit mareritt som ingen ung kvinne nokon gong burde måtte gjenno...