
Folketal: Godt og vel 30 millionar fordelt på 186 folkegrupper som snakkar 145 ulike språk. Dei fleste folkegrupper er lite evangeliserte. 62% er muslimar, vel 9% er kristne (4% evangeliske. Dei fleste muslimane dyrkar også fedreånder og slike ting, dei er animistar i tillegg til å definera seg som muslimar.
· Be om at kyrkja i Malaysia skal påta seg ansvaret for dei mange unådde folkegruppene i heimlandet sitt. Den største folkegruppa, malayane, kan me i stor grad rekna som unådde. Kyrkja har ressursane, men manglar ofte motet som skal til for å driva misjon. Be om at Den Heilage Ande skal gå på djupet med desse folka.
· Kyrkja har hatt kraftig vekst dei siste åra, særleg mellom dei mange kinesarane i landet, men også i andre minoritetsgrupper. Nokre av dei siste er fullstendig disippelgjort. Be om at denne vekkinga skal vara og auka på.
· Islamistiske rørsler veks fram på «fastlands-Malaysia». Be om at Gud skal halda eit auga med desse og forhindra at dei får gjera ugagn.
· Dei evangeliske kristne er som vanleg svært splitta. Be om fornya einskap og samarbeid mellom dei truande i misjonsarbeidet.
· Unge kristne har lett for å bli dregen mot ein materialistisk livsstil, og forsamlingane blir eldre. Be om forsvarleg disippelgjering av dei unge.
· I nokre samanhengar er namnekristendomen tydeleg. Be om at Gud skal blåsa sitt liv i dei som berre er kristne på utsida.
· Rasediskriminering og utnytting av immigrantar er vanleg. Korrupsjon og høg kriminalitet skjemmer landet. Be om at Gud skal forvandla menneska i nasjonen ved å skriva si lov inn i hjarto deira.
· Dei mektige brukar makta si på å berika seg sjølv. Be om at Malaysia skal få ekte leiarar som er opptekne av folkets vel og ikkje si eiga lommenbok. 25% av befolkninga lever under fattigdomsgrensa.
er eit fjellfolk på 758 000 innbyggjarar
som bur i ufatteleg vakre trakter opp mot Himalaya, nord i Punjabprovinsen.
Dette er områder som er vanskeleg tilgjengeleg for utanforståande. Dei er
muslimar og snakkar eit språk som kallast hindko. Deler av Bibelen er omsett
til dette språket, men det er ikkje registrert ein einaste truande kristen
tanaoli. 
