Folketal: Godt og vel 30 millionar fordelt på 186 folkegrupper som snakkar 145 ulike språk. Dei fleste folkegrupper er lite evangeliserte. 62% er muslimar, vel 9% er kristne (4% evangeliske. Dei fleste muslimane dyrkar også fedreånder og slike ting, dei er animistar i tillegg til å definera seg som muslimar.
· Be om at kyrkja i Malaysia skal påta seg ansvaret for dei mange unådde folkegruppene i heimlandet sitt. Den største folkegruppa, malayane, kan me i stor grad rekna som unådde. Kyrkja har ressursane, men manglar ofte motet som skal til for å driva misjon. Be om at Den Heilage Ande skal gå på djupet med desse folka.
· Kyrkja har hatt kraftig vekst dei siste åra, særleg mellom dei mange kinesarane i landet, men også i andre minoritetsgrupper. Nokre av dei siste er fullstendig disippelgjort. Be om at denne vekkinga skal vara og auka på.
· Islamistiske rørsler veks fram på «fastlands-Malaysia». Be om at Gud skal halda eit auga med desse og forhindra at dei får gjera ugagn.
· Dei evangeliske kristne er som vanleg svært splitta. Be om fornya einskap og samarbeid mellom dei truande i misjonsarbeidet.
· Unge kristne har lett for å bli dregen mot ein materialistisk livsstil, og forsamlingane blir eldre. Be om forsvarleg disippelgjering av dei unge.
· I nokre samanhengar er namnekristendomen tydeleg. Be om at Gud skal blåsa sitt liv i dei som berre er kristne på utsida.
· Rasediskriminering og utnytting av immigrantar er vanleg. Korrupsjon og høg kriminalitet skjemmer landet. Be om at Gud skal forvandla menneska i nasjonen ved å skriva si lov inn i hjarto deira.
· Dei mektige brukar makta si på å berika seg sjølv. Be om at Malaysia skal få ekte leiarar som er opptekne av folkets vel og ikkje si eiga lommenbok. 25% av befolkninga lever under fattigdomsgrensa.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar