Hmongfolket bur i fjellområda i Vietnam. Dei er såkalla "highlanders". Dei siste 30 åra har 300 000 av ei befolkning på 1 million blitt kristne. Vekkinga starta i forlenginga av kristne radiosendingar frå Filippinane på 1980-talet, og under heile denne prosessen har dei truande i folket blitt forfølgt av dei kommunistiske styresmaktene. Pastorar er blitt drepne, andre er blitt nekta medisinsk hjelp ved alvorleg sjukdom.
CCI (Christian Concern Internatiol) melder no om auka press mot dei kristne i hmongstamma. Nyleg vart 33 arresterte i landsbyen Pha Lom, og dei vart oppmoda om å fråsei seg den kristne trua si. Det vart plassert ein stor Budda- statue på ein open plass, og dei fekk valet mellom å bøya seg og tilbe statuen eller bli landsforvist. I 2018 måtte 100 kristne flykta til Thailand.
Lat oss be:
Herre Jesus Kristus! Takk for dine mektige gjerningar i dette folket, og for alle nye som dagleg kjem til tru på deg. Må du grunnfesta dei i Ordet, bøna og kyrkjelyden, og gjera dei standhaftige og motstandsdyktige når bølgene tårnar seg opp og slår inn over liva deira. Amen!
Hmongfolket har fargerike nasjonaldraktar, og likar å pynta seg.