torsdag 20. september 2018

Nigeria

Nigeria er med sine nesten 191 millonar innbyggjarar det mest folkerike landet i Afrika. Befolkninga er todelt på den måten at fleirtalet i sør er kristne medan fleirtalet i nord er muslimar. Fordelinga mellom dei to religionane er omlag 50-50.

Hovudstad er Abuja med 2 mill innbyggjarar. Største by er Lagos der det er over 10 mill innbyggjarar.

Landet er per definisjon ein sekulær nasjon med full religionsfridom. I alle fall på papiret.

Men den kristne minoriteten i nord har dei siste åra vore hardt forfølgd, og IS-gruppa Boko Haram og radikaliserte muslimske fulanikrigarar har drepe titusenvis av dei. Jamnleg blir kristne landsbyar jamna med jorda og menneska der massakrerte.

Elles blir kristne jenter hyppig bortført av Boko Haram og tvangsgifta med muslimar.

I sør finn me verdas største kristne kyrkjelydar, og kristendomen veks med rekordfart i desse områda, og den kristne kyrkja i Nigeria rekrutterer stadig fleire til misjonsteneste i andre land. Europas største kyrkjelyd er å finna i Kiev, og denne er bygd opp av ein nigeriansk misjonær.

På landsbasis veks kyrkja i Nigeria med 7% årleg. Det er uvanleg høgt.

Mange kyrkjelydar i sør er prega av framgangsteologi der kristendomen vert forkynt som ein veg til personleg velstand og suksess.  Dette er eit problem med tanke på at me som kristne tilhøyrer ein Gud som sjølv levde i fattigdom, som åtvara mot rikdomen og som utfordra etterfølgjarane sine til å leva sjølvoppofrande liv.

I Nigeria finn me 520 ulike etniske grupper. Dei største er fulani/hausa, yoruba og igbo. Desse har rivalisert om makta sidan landet fekk sjølvstyre frå Storbritannia i 1960. Kvar gruppe har sitt eige stammespråk, men elles er engelsk eit fellesspråk som dei fleste meistrar. Hausa er også vidt utbreidd.

Næringsvegar: Jordbruk, olje og gassutvinning og bergverk. Korrupsjon og all type kriminalitet knytta opp til business er på eit uanstendig høgt nivå, og nigeranarar er å finna innafor all internasjonal kriminalitet som handel med narkotika, sexslaveri og alle typar bedrageri på nett.

Det er mykje vald mellom folk i det daglege.

2,7 nigerianarar er registrerte som HIV- positive. Det faktiske talet er truleg dobbelt så stort. AIDS tek mange menneskeliv årleg.

Det er trong for bibelomsetting i 300 språk.

  • Det er grunn til å takka Gud for det han held på med i Nigeria. Dei truande er eit bedande folk, og når dei samlast til bøn, møter hundretusenvis opp. Ein gong i Lagos så mange som 3 millionar. Dette bønetrykket har enorm betydning for heile verda. 
  • Be om styrke og vern for alle kristne som er utsette for forfølging.
  • Be om fridom for dei unge kristne jentene som er blitt kidnappa.
  • Trass i eventyrleg framgang for evangeliet, er det behov for at det åndelege livet i kyrkjelydane vert utdjupa, at folk festar seg i Gud og hans ord, at nye kristne blir disippelgjort og ikkje let seg føre på avvegar av djevelens renkespel som alltid handlar om pengar, makt og sex. Be om det.
  • Be om at kyrkja skal mognast og veksa opp til han som er hovudet for kyrkjelyden, Kristus, slik at dei meir og meir liknar Han.
  • Be om at kyrkja skal vera lys og salt i dette landet og danna ei mektig motvekt til dei kriminelle elementa, og etterkvart gjera deira aktivitetar umogelege. 
  • Be om at bodskapen i evangeliet skal festa seg på ein slik måte i heile landet at alle vender seg bort frå uretten og til Gud. 
  • Be om at Guds fred skal seinka seg over nasjonen, og at folk sluttar å sjå på vald som ein OK måte å fremja sine eigne interesser på. 
  • Be om at all den kristne vitaliteten i Nigeria skal spreia seg til andre land. 
  • Be om at andregenerasjonskristne skal få sine eigne unike Kristuserfaringar.
  • Be mot synkretismen som alltid ligg og lurer. 
  • Be om einskap mellom dei truande, og særleg mellom leiarar. Kyrkja er svært splitta, og frontane ofte harde.
  • Be om støtte og styrke for pastorar og leiarar, at dei lever med integritet, er ærlege og ansvarlege. Be om at dei søkjer Guds ære, menneskes frelse og ikkje sin eigen suksess. Det er for myke "Big man"-syndrom i dei nigerianske kyrkjene. 
  • Be om leiarar som er leida av Den Heilage Ande, grunnfesta i Skriftene, kapable disippelgjerarar og som kjenner Gud og som lever i bøn. 
  • Be om at dei teologiske institusjonane skal ha rett kristen kvalitet. 
  • Be for alle HIV-smitta og AIDS-sjuke.
  • Be for alle foreldrelause barn.
  • Be om at Bibelen skal omsetjast til alle stammespråk der det er påkrevd. 



Ingen kommentarer:

Ei bøn for Israel under åtak

•         Abraham, Isak og Jakobs Gud, vår Herre Jesu Kristi Far! •         Landet og folket ditt er under åtak, og dei fleste av verdas l...