Mauritania er tre gongar så stort i flatemål som Noreg, men
det bur berre 4 millionar menneske i dette ørkenlandet.
Befolkninga er delt inn i tre grupper: Arabisk talande kvite,
arabisk talande svarte og afrikanske stammer i sør som snakkar andre språk.
Dei arabisk talande kvite (berberar) har i lange tider vore
dei leiande, og har tidvis undertrykt dei svarte og utsett dei for slaveri,
også i vår tid skjer dette.
Mauritania er eitt av verdas fattigaste land. Langvarig tørke
og omfattande korrupsjon er to viktige grunnar til dette.
Fransk koloni fram til 1960, og har etter den tid hatt mange
militærkupp å stri med.
I mange år var landet ille plaga av ulike terrorgrupper, m.a.
Al Quaida og ei gruppe som kallar seg AQIM. Men dette har styresmaktene takla
bra, og det har ikkje vore terroråtak sidan 2011.
99,75% er muslimar. 0,25% kristne, altså vel 8000. Om lag
1000 tilhøyrer dei evangelikale kristne.
Administrasjonsspråk: Fransk.
Talemål: Arabisk (Hassanya).
Talemål: Arabisk (Hassanya).
Totalt vert det snakka 8 språk
Omsetting: Bibelen 1, NT 1, bibel deler 3.
·
Be om at folket må få ein djup hunger og tørst etter
Gud.
·
Be om at Guds kyrkje i landet skal fyllast med kraft
frå himmelen, og at dei truande frimodig skal vitna om Jesus, hans frelse og
Guds rike.
·
Be om rettsindige og ærlege politiske leiarar.
·
Be om at politiske leiarar må ta avstand frå
korrupsjon og juks.
·
Be om gode skular for dei unge
·
Be om politisk stabilitet
·
Be om gode helseteneste. Landet er ille plaga av
HIV/AIDS.
·
Be om at slaveri skal bli meldt, pådømt og straffa, og
at denne grove synda skal få ein rask avslutning.
·
Be om modige kristne som vil reisa inn i landet som
misjonærar.
·
Omtrent heile befolkninga må sjåast på som unådde. Be
om at evangeliet om nåden i Jesus Kristus må nå inn til dei og forvandla dei,
og at folket skal bli disippelgjort.