- om lækjedom for ei kvinne som slit med nervene sine, så pass at ho treng psykiatrisk hjelp
- for eit ektepar som har store vanskar med sonen sin på 18. Han røyker hasj, vil ikkje gå på skulen, isolerer seg ofte på rommet (der han m.a. driv med brannfarlege ting) og går ut med tvilsame vener. Han terroriserer foreldrene med trugsmål og kraftig stemmebruk, og dei vågar ikkje noko anna enn å etterkoma "krava" hans. Be om at guten vert frelst og fridd ut frå det vonde som har makt over han, at foreldra reiser seg og tek attende kontrollen over sine eigne liv og at Jesus kjem til dei me sine fullkomne løysingar.
- Zafar Iqbal ringte oss tidligere i går og fortalde om åtak på ei kyrkje i Pakistan etter fredagsbønnen. Muslimane tende på kyrkja og brant ho ned. La oss be om at slike djevelens påfunn bare styrker dei kristne og gjer dei endå farlegere for hans rike enn før.
- for ei gravid kvinne som er innlagd på Haukeland sjukehus. Ho ventar barn i nov-des, men det ser ut til å vera fare for prematur fødsel. Be om at riene stoppar og at legane får kontroll på situasjonen.
Jesus vil at hans tempel skal vera eit bønehus for alle folkeslag. Det vil me ta på alvor. Me som trur er hans tempel i dag, og aldri før har me hatt reidskapar som no til å vita kven me skal be for og kva me skal be om. Difor vil me i denne bloggen gje deg informasjon om og hjelp til å be for nasjonar, unådde folkeslag, forfølgde kristne, forutan for folk som kjem opp i kritiske situasjonar. Følg med, og send gjerne inn dine bidrag til jethore@online.no, eller på bloggen sin kommentarplass.
lørdag 12. september 2009
I dag ber me
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Allmektige, gode Gud! Sjå i nåde til alle i det jødiske samfunnet i Australia som i dag vart utsette for terror under feiring av Hanukkah. T...
-
Sør-Korea har eit folketal på 56,6 millionar. 31% er i følgje Operation World kristne. 16,8% er evangeliske. Den enorme kyrkjeveksten som v...
-
Politiet i Nakhitsjevan hadde ei tid overvaka eit hus i der kristne møttest. Ein søndag i april storma så rundt 20 politifolk eit søndag...
-
Ein reknar med at 100 000 kristne er plasserte arbeids- eller konsentrasjonsleirer i Nord-Korea. Ingen kjem levande ut. Be om Guds mektige...
1 kommentar:
Eg har blitt informert om at den vesle guten er fødd.
(punkt 4 på bønelista)
Alt er bra med guten og mora, men fortset å be!
Legg inn en kommentar