lørdag 11. juli 2009

Bedia i India

Bediafolket tek 484 000 menneske og er lokalisert til dei nordlegaste områda i India. Dei er hinduar og tilber Thakur, Shiva, Parvati, Hanuman, Chamunda, Kali og Sitala og Khermata (ein lokal guddom). Bediafolket er sigøynarar, og lever i fattigdom og analfabetisme. Det finst ei lita gruppe kristne mellom dei.

Bøn: "Gode Jesus! Ta deg av alle kristne i bediafolket. Gje dei pastorar og lærar som kan hjelpa dei å veksa som kristne og gjer dei til trufaste og kraftfulle læresveinar. Gjer dei sterke i nåden, sanne i trua og fylte av Anden slik at dei frimodig og ivrig vitnar om deg og di forsoning. Gjer bediafolket kjenslevare og mottakelege for evangeliet, og før dei inn i ei djup vekkjing der dei fornektar avgudane og sannarat det er du, Jesus, åleine som er Herre. Me ber også om at lesekunsten skal bli populær mellom bediane slik at dei kan læra seg å lesa Bibelen, og slik at dei sender borna sine på skule og slik legg grunnen for betra levekår.

"Tida er komen til å samla alle folk og tungemål, dei skal koma og sjå min herlegdom"
Jesaja 66:18

Kjelde: Joshuaproject.net

Må Herren styrka deg når du ber, gje deg openberringar og fylla deg med tru, kunnskap og visdom.

Nye kristne i Laos fråteke livsgrunnlag


I mai månad kom 53 menneske til tru på Jesus i landsbyen Katin i Ta Oih distriktet i Saravanprovinsen i Laos. Compass Direct melder no at landsbyleiinga den 5.juli slo seg saman med resten av innbyggjarane for å konfiskera (stela), slakta og eta livdyra til desse menneska. Dette skulle vera ei åtvaring til dei slik at dei sa frå seg den nye trua.

Be om Herrens vern over dei, at dei må stå fast i tru, von og kjærleik, at Gud må ta vare både på kropp, sjel og ånd. Be også om at Gud må røra ved samvitet til alle i Katin, og at hans ord må sigra i liva deira. 65% i Laos er buddhistar. 1,3% er kristne. Resten er animistar.

fredag 10. juli 2009

Majhifolket i Nepal

Majhifolket i Nepal tel 93000 mennesker. Dei har mongolske trekk, men snakkar eit indoeuropeisk språk. Majhiane lever i elvedalane aust i landet, og har spesialisert seg på å leva av det elvane gjev dei, dvs. fisk og transport av mennesker over elvane. Dei driv også litt jordbruk. Majhiane lever tett saman i landsbyar. Dei er fattige og av lågkaste. Analfabetismen er på nesten 99%, likevel har dei ein rik kultur som dei tek godt vare på gjennom forteljingar, handverk og songar. Sidan dei står så langt nede på rangstigen, gjer den hinduistisk prega regjeringa ingenting for å støtta folket økonomisk. Majhifolket er animistar og panteistar. Dei trur både på forfedrane sine ånder og himmel og helvete, men har ingen kunnskap om Jesus som vegen til himmelen.

Bøn: "Herre Jesus Kristus, du som er vegen til Faderen for alle menneske, send dine pionerar til Majhifolket slik at dei også kan bli kjent med deg og oppleva frelse, fridom og von. Fyll dei med din kjærleik slik at dei kan lysa for deg i dette åndeleg mørke landet, og gje dei leiarar som kan hjelpa dei til å møte utfordringane frå det moderne samfunnet på ein adekvat måte. Amen!"

torsdag 9. juli 2009

Unådd folkeslag: Baori i India

Baorifolket i India tel 351 000 menneske. Størsteparten av dei lever i Punjab, på grensa mot Pakistan, nokre som nomadar, andre sel tøy og klede men mange, mange av dei er tiggarar og lever i den ytste fattigdom. Pga måten desse menneska lever på er det svært vanskeleg for kristne å etablera tillitsfull kontakt med dei og nå dei med evangeliet.

Bøn: "Gode Gud! Du som forbarmar deg over den fattige og trengande og som forkynner fridom for fangar og ein god bodskap for fattige, kom til Baorifolket i India med din nåde i Jesus Kristus. I han har du forsont dei med deg sjølv gjennom hans blod, så dei skulle vera dine barn og ha arv saman med alle dei heilage. Fri dei frå djevelens makt og lenker. Aus din Ande over dei etter ditt ord og løft dei ut av sjølvforakt og gjer dei til stolte barn av deg som går til deg for å få stilt alle sine behov. Lat dei få erfara din godleik og makt i liva sine, og gjer dine mektige under mellom dei. Send dine vitner til dei, og etabler di kyrkje i Baorifolket som er full av himmelens krefter. Amen!"

Kjelde: Joshuaproject.net

Muslimar til åtak på kristne i Pakistan

Compass Direct og Voice of the Martyrs melder at i den pakistanske landsbyen Bahmaniwala i Punjab vart den 38 år gamle Sardar Masih 30.juni klaga for blasfemi. Bakgrunnen for dette var at då han og sønene hans den 29.juni kom heim frå markene på traktoren, møtte dei to rusa muslimske menn som sperra vegen for dei med motorsyklane sine. Sardar bad mennene om å flytta seg, og då vart dei to mennene så rasande for at ein kristen mann gav ordrar til muslimar, at dei greip tak i han og banka han. Seinare på kvelden kom det ei gruppe på 15-20 muslimar og gjekk til årak på huset til Sardar og øydela det fullstendig. Traktoren hans vart øydelagd og brørne hans vart hardt skada. Muslimane skreiv ein rapport til politiet og fortalde til ein lokal muslimsk leiar at Sardar hadde kome med blasfemiske uttalar.

Neste dag gjekk det ut ei oppfordring over høgtalaranlegget frå ein moske om å gå til åtak på kristne, og meir enn 500 muslimar gjekk hen og skada over 100 kristne heimar, brente køyrety og banka opp truande. Dei kutta også elektrisitet og vassforsyninga til dei kristne områda. Fleire titals menneske vart skada, inkludert kvinner og barn som vart spraya med syre. 11 kristne er melde for blasfemi.

I Pakistan er det slik at einkvar muslim kan klaga kven som helst for blasfemi mot Muhammed eller Koranen, og straffa for dette er døden i følgje § 595 i straffelova for den som vert funnen skuldig. Og det er fritt for einkvar muslim å melda ein kristen for blasfemi, og omtrent alle klagemål syner seg å ha heilt andre motiv i botnen, slik som her. Ein liten bagatellmessig konflikt kan vera meir enn nok til å utløysa eit ras av aggresjon.

Dei 3 millionar kristne i Pakistan er også utsette for grov apartheid, og dei er diskriminerte på alle nivå i samfunnslivet, både når det gjeld juridiske rettar og høve til utdanning og arbeid. Dessutan er det i val forbode for muslimar og røysta på kristne, og dugande kristne politikarar vil såleis aldri ha den minste sjanse til å koma til makta. Det er rart at slik undertrykking kan pågå utan at norske og vestlege styresmakter reagerer. Men me får be:

”Herre Jesus! Me ropar til deg for dei kristne i Bahmaniwala. Ver nær hos dei i den trengsla som er komen over dei. Vern dei mot fiendane deira. Tukt og straff dei som vil venene dine vondt. Hald motet og trua oppe hos dine, reins hjarta deira, fyll dei med Kristi kjærleik, læk såra deira og gje dei alt dei treng for attreising av hus og eigedom. Kom med ditt kraftfulle nærvær til denne landsbyen og send ei vekkjing som skakar heile området. Herre, miskunna deg! Me takkar deg Herre for at du som bur i oss er sterkare enn han som bur i verda. Gje dei kristne i Pakistan ein sterk bevissthet om kven dei er i deg, og styrk sjølvbilete deira i møte med forakt og diskriminering. Imprigner dei med din kjærleik og med dine sanningar slik at alt det vonde prellar av dei som vatn på gåsa. Amen.”

onsdag 8. juli 2009

"Evige ljos!" ei bøn av Alcuin av York (804 e. Kr.)


Evige ljos, skin i hjarto våre.
Evige godleik, fri oss frå vondskap.
Evige kraft, ver vår støtte.
Evige visdom, sprei det mørkret som kjem av vankunne.
Evige medkjensle, miskunna deg over oss
slik at me med heile vårt hjarta, sinn og kraft søkjer ditt åsyn,
og ved di evige miskunn blir boren inn i ditt heilage nærvær,
gjennom Jesus Kristus, vår Herre.
Amen!

Darigangafolket i Mongolia

Denne folkegruppa tel 46000 menneske. Dei er buddhistar, men praktiserer også shamanisme. I 1999 var det omlag 160 evangeliske kristne darigangarar. Då får me gå ut frå at det er fleire no.

Darigangane lever som nomadar og alar opp hestar, storfe og sauer. Som andre mongolske stammer elskar dei musikk, folkedans, sjakk og idrettsleik av ymse slag, ridning, bogeskyting og bryting. Akkurat i desse dagar pågår denårvise Naadamfestivalen der dei ulike mongolske stammene møtest til slik fredeleg kappestrid.

Mange darigangar ligg under for alkoholisme, og valdtekter, drap og vald er vanleg mellom dei.

Bøn: "Gode Gud og Far! Me ber om at du ved evangeliet og Den Heilage Andens kraft skal setja darigangfolket fri frå vantru, falsk religion, rus og vald. Overaus dei med Kristi kjærleik slik at dei med glede vender om frå syndene sine og med iver grip det evige livet. Styrk dei kristne darigangane til å vera truverdige vitne om deg mellom sine eigne. Reis opp ei vital og kraftfull darigangkyrkje i Mongolia som kan vera eit sant himmelljos for andre stammer i dette landet. Amen!"

kjelde: Joshuaproject.net

Dagens unådde folkeslag: Mongolar i Kina (Perifere mongolar)

  Foto: Montesclelia- Pixabay Folketal: 5 545 000  Religion: Buddhisme   Språk: Mongolsk   Mongolane i Indre Mongolia er kjende for si motst...