søndag 8. desember 2024

SØNDAG

 Det er søndag i dag, og over heile verda samlast truande menneske for å hylla Jesus. Det fortener han som frelste oss og kjøpte oss til Gud med sitt blod. Og me vil også tilbe saman med alle dei heilage som står framfor Gud og Lammet i himmelen: 

Amen.

All velsignelse og pris og visdom, takk og ære, makt og velde

tilhører vår Gud i all evighet.

Amen.


Syria

 I laupet av få døger har regimet til president Bashar al Assad falle som eit korthus. Opprørarane som for få dagar erobra Aleppo, har i dag også kontroll i Damaskus, og Assad har flykta til Moskva. Mange er glade, men framtida er usikker. Særleg for dei kristne. Opprørarane har røtene sine i Al Qaida, og det beste me kan håpa på er at dei har moderert seg med åra. Nokre meiner det. 

Gode Gud! Me ber om ei fredeleg utvikling i Syria der det også er rom for kristne. 

lørdag 7. desember 2024

Myanmar

 Myanmar sin militærjunta driv ein brutal krig mot kristne minoritetsfolk (kachin og  chin). 

Den 15 november vart ni kristen drepne i eit bombeåtak mot ei kyrkje i landsbyen Konlaw nær grensa mot Kina. Mellom dei døde var det ein familie med mor, far og fire barn. 11 andre vart såra, sju av dei er enno i kritisk fase. 

  • Be om at dei som er skada etter åtaket skal bli lækte
  • Be om trøyst til dei som har mista sine kjære
  • Be om at dei kristne i Myanmar må bli bevarte i trua på Jesus
  • Be om at dei skal veksa i nåde og kjennskap til Gud
  • Be om at dei skal utrustast for denne tida
  • Be om siger for evangeliet i Myanmar


Brahminarar over heile India

 

Det er over 39 millionar som tilhøyrer brahminarkasten i India. Dei snakkar hindi, og over 99% av dei er hinduar. Dei tilhøyrer det høgaste sosiale skiktet i India, og var tradisjonelt prestar. Nokre er nok det enno, men mange er sekulariserte og kler i dag gjerne høge stillingar i IT-bransjen, og ligg heilt i verdstoppen når det gjeld digital kunnskap og kompetanse. Det er nesten ingen kristne i dette folket. Skal dei ta imot Guds frelse som ei gåve, må dei overtydast om at dei er håplause og fortapte syndarar. Det kan berre Den Heilage Ande få til.

Brahminarane tilber gjerne Vishnu, Shiva eller Himmeldronninga. 

Gode Gud og Far! Du er den rette far for brahminarane i India. Men enno kjenner dei ikkje deg, og me ber: Gjer deg kjent for dei! Send visjonære og brennande misjonærar til dei som introduserer deg, dine sanningar, di kraft og din kjærleik for dei, og som gjev dei ditt ord på deira eige språk. Herre, dei treng å forstå at dei ikkje kan bli rettferdige for deg gjennom lovgjerningar, berre ved å ta imot di frelse i Jesus Kristus som ei gåve. Aus Anden ut over dei slik at dei ser sine synder, og Jesus som frelsaren frå all synd, og løys dei frå hinduismens mange åndsmakter. Hjelp familiane å vera gode mot kvarandre og me ber om samhald, truskap og kjærleik i familiane.  Me ber også om at alle vaksne skal leva edrueleg og ansvarleg. Me ser no fram til at brahmina skal bli innlemma i din familie, og at det skal etablerast ei levande og dynamisk brahminerkyrkje som kan kan formidla deg til sine eigne på ein kraftfull og truverdig måte. Amen!

Dagens norske kommune: Kvinnherad

 

Det bur 13089 menneske i Kvinnherad. Kommunen ligg ytst i Hardangerfjorden på begge sider av fjorden og inkluderer Ølve, Varaldsøy, Halsnøy og Fjelberg. Kommunesenteret er Rosendal. 
Kvinnherad er ein stor og velståande kraftkommune. 
Andre næringar: Industri (aluminiumsproduksjon, skipsbygging), jordbruk, skogbruk, fiskeforedling, tenesteyting og turisme. Baroniet i Rosendal er eitt av 11 slott i Noreg. Kommunen har fleire mektige fjellmassiv. Melderskin er høgast med sine 1403 moh.

                                            Melderskin sett frå Rosendal ein kald maidag

Kyrkje og kristenliv: DNK har 12 kyrkjer og Indremisjonen 14 bedehus. Det borgar for ein rik åndeleg arv, og vonleg framleis eit rikt kristenliv. 

Andre kyrkjelydar: Det er ei pinsekyrkje på Husnes, Kristent Fellesskap i Rosendal, ei gamal baptistkyrkje i Mauranger

Takk Gud for alle dine sanne barn i Kvinnherad. Må dei stå deg nært. Forny dei ved ditt ord og din Ande. Fyll dei med kraft og nåde. Grunnfesta dei i ditt ord. Gjer dei sterke og ekspanderande i striden for evangeliet og det gode. Hjelp dei truande å stå saman i lovsong, bøn, diakoni og evangelisering, og må ditt kall til omvending og tru nå ut til alle innbyggjarane der. Aus Anden din ut over alle slik at dei kan koma til levande tru på Jesus.   Hald di vernande hand over familiane slik at dei held saman i gode og vonde dagar, og fyll heimane med lys, glede og varme. Må alle barn og unge i Kvinnherad ha ein trygg og god oppvekst. Velsign den politiske og administrative leiinga, skulane og helseinstitusjonane, politiet og dei andre offentlege etatane, samt alt godt og sunt næringsliv.  Må alle vaksne i kommunen leva edruelege liv, og vera gode føredøme for barn og unge. Må det gå Kvinnherad kommune vel, det ber me om i Jesu namn. Amen!

Det jødiske folket

Israels Gud, vår Herre Jesu Kristi Far!

Me ber i dag for verdas jødar, ditt eige folk, skal samlast i Israels land, at evangeliet skal bli dei forkynt, at Anden skal ausast ut over dei,  at dei skal bøya seg for Jesus, tru på han, hylla han og krona han som konge i liva sine. Takk for at det skjer i stor skala i dag. Må vekkinga i Israel auka i styrke og spreia seg til jødiske samfunn over heile verda. Vern jødane mot hat og overgrep. Må ditt rike gå fram, og under og teikn skje i Jesu namn i Israel og i alle jødiske samfunn, og lat det jødiske folket gå inn i det kallet du opprinneleg gav dei gjennom Abraham og fedrane då du sa at dei skulle bli til velsigning for alle jordas folk. Det har skjedd, og det skal skje.  Amen! 

fredag 6. desember 2024

Dei ufødda barna

 Gode Gud og Far! I dag, som kvar dag, ber me om at du på ein spesiell måte skal passa på alle ufødde barn slik at dei overlever i mors liv. Me ber også om at dei skal få rettsvern på linje med alle oss andre, slik at ingen kan ta liva deira ustraffa. Me ber spesielt om at mødrene skal få moralsk lys, mot og tru til å velja livet framfor døden, og me ber om at gynekologar og jordmødre skal nekta å vera med på noko som helst som fører til fosterdrap. Høyr oss når me ropar, og bønhøyr oss for Jes skuld. Amen! 

Kong Haakon VIII

  Kong Haakon VIII Herre Jesus Kristus! Du har all makt i himmel og på jord. Vår nye konge, kong Haakon VIII, er din tenar, din vasall, og m...