fredag 20. mars 2026

Trondheim i Trøndelag

 



Det er 220 000 innbyggjarar i Trondheim. 
Byen var, med Nidarosdomen som erkebispesete, kyrkjehovudstaden i Norden gjennom mange hundre år i Mellomalderen. I dag tek Nidarosdomen seg opp att som pilgrimsmål for folk som likar å driva på med slikt. 
Som i byar flest er folk stort sett opptekne med handel, tenesteyting og administrasjon. 
Den norske kyrkja har 16 kyrkjelydar i kommunen. Den evangelisk lutherske frikirke har to. Pinsevenene 3. Metodistane og baptistane har ein kvar. Kristent nettverk har også ein kyrkjelyd der. Normisjon (Salem) har opplevd eventyrleg vekst dei siste åra, og driv med mykje godt arbeid. NLM driv også ei forsamling som skal ha gode kvalitetar. 

Gode Gud! Me treng Trondheim som eit sterkt åndeleg kraftsenter i Midt-Noreg, og me takkar deg for alle dei vitale evangeliske kyrkjelydane i byen. Må dei veksa seg sterke, og vera ivrig opptekne av å driva misjon og planta nye kyrkjelydar der ditt lys enno ikkje skin klårt. 
Må Trondheim sine leiarar vera kappable til å løysa problema som byen slit med. 
Me ber mot rus, kriminalitet og seksuell umoral (som er omfattande), og om at folk i byen skal leva gode liv, ha hjarta for kvarandre, leva ærleg og skikkeleg. Må alt sunt næringsliv gå godt, og må kommunen har orden på økonomien. Me ber om god folkehelse, og at folk skal møta eit  fungerande helsevesen når dei treng det. Gje byen gode politifolk, rettferdige dommarar og kompetente velutdanna lærarar. Amen! 










tirsdag 17. mars 2026

Dagens unådde folkeslag: Kalota i India

 



Kalota er eit lite folkeslag som berre tel 64000 menneske som bur i delstaten Madya Predesh
Dei tilber hinduismen sine mange gudar. 
Språk: Hindi, gujarat og devanagari, som er deira hjartespråk. 

Bagota er bønder, og dei er vegetarianarar. Dei har synt seg uvanleg fientleg innstilt kristne til misjonærar. 

Herre Jesus, du som betalte for deira synd og skuld på krossen, du som opna vegen for dei til himmelen: Finn din veg inn til hjarto deira, Bryt ned den motstanden dei har i seg mot evangeliet. Motiver dei til å ta imot dine utsendingar. Må Anden din koma over dei, overtyda dei om synd, rett og dom, avsløra løgngudane dei tilber og herleggjera deg for dei som den einaste sanne Gud og vegen til fresle. Møt dei på overnaturleg vis gjennom draumar, syner og under og teikn som du let dine tenarar gjera mellom dei. Amen! 



Sør-Varanger i Finnmark

 

Kart: Wikipedia

Folketal: 9900.
Kommunesenter: Kirkenes
Næringsliv: Industri, jordbruk, skogbruk, fiske, kraftproduksjon og tenesteyting
Kyrkje og kristenliv: DNK har seks kyrkjer, fleire av stor historisk og arkitektonisk verdi. Nettsida til Sør-Varanger menighet er lite vedlikehalden. 
Indremisjonforbundet har hatt eit godt arbeid i Sør Varanger i mange år under namnet Finnmark Indremisjon. Likeeins Kirkens bymisjon. 

Gode Gud og Far! Me ber om framgang for ditt rike og di kyrkje i Sør-Varanger. Bevar alle kristne i trua på Jesus, forny dei ved ditt ord og din Ande og utrust dei til å disippelgjera sine medmenneske. Me ber også om at dei skal våga, og læra seg å planta nye kyrkjelydar på plassar der ordet ditt er lite kjent. Ta, godt vare på dei unge i kommunen, og lat dei ha si glede i å følgja Jesus. Velsign Sør-Varanger med kloke og ærlege leiarar, eit godt helsevesen, berekraftig økonomi, gode skular, eit eksemplarisk politi og ein uhilda og solid domstol. 




tirsdag 10. mars 2026

Hammerfest i Finnmark

 



11000 innbyggjarar.
Kommunesenter: Hammerfest
Næringsliv: Petroleumsindustri (Melkøya), fiskeforedling.
Kyrkje og kristenliv: DNK har tre kyrkjelydar. Andre kyrkjelydar: Arctic mission (Baptistkyrkja). Betania (indremisjonen). Filadelfia Hammerfest tilhøyrer dei frie evangeliske forsamlingane. 

Etter det eg forstår at det skjer mykje godt i Hammerfest. Kristne er ute med gatekyrkja si i helgane, og mange kjem til tru. 

Takk, Gud, for nye kristne i Hammerfest. Takk at lyset skin og mørket, og at mørket ikkje kan overvinna det. Me ber om at stadig fleire menneske i Hammerfest skal koma til tru, bli frelst og disippelgjort, og at nye dørar skal opna seg for kyrkja di. Me ber om fred i familiane, rusfrie heimar, sterk kommuneøkonomi, sunne ungdomsmiljø, solide skular, godt helsevesen, forsvarlege omsorgstilbod osv. Må det gå Hammerfest godt. Amen!

kjelder: snl.no og diverse internettsider

mandag 9. mars 2026

Dagens unådde folkeslag: Boya (BOW-yah) i India

 


Kjelde: joshuaproject.net

Boya i India tel godt og vel 4 millionar menneske.
Dei snakkar telugu, og er hinduar. 0,06% er kristne. 0,01% evangeliske. 
Heile Bibelen er tilgjengeleg på telugu
Opphaveleg var dei store krigarar. No er dei bønder. 

Gode Far!
Løys dette folket frå demoniske makter som undertrykkjer dei, og held dei fast i hinduimens løgner. Send ditt ord til dei, reorienter dei og kall dei til omvending og tru. Jesus, verdas lys, skin for Boyafolket slik at dei blir dregne mot deg, du som har betalt så dyrt for deira frelse. Amen








Trondheim i Trøndelag

  Det er 220 000 innbyggjarar i Trondheim.  Byen var, med Nidarosdomen som erkebispesete, kyrkjehovudstaden i Norden gjennom mange hundre år...