onsdag 28. oktober 2009

Nekta å bera hijab, vart skoten og drepen

Compass Diract melder i dag at tre maskert medlemer av den militante islamistiske gruppa Suna Waljameca i Somalia skaut og drap i sist veke den kristne somaliske kvinna Amina Muse Ali (45) fordi ho nekta å bera hijab. Ho hadde over lenger tid motteke trugsmål frå medlemer av organisasjonen. Islamistane mistenkte henne for å vera kristen sidan ho ikkje bar hijab. Den 4. oktober hadde Ali ringt den som informerer om dette og sagt at ”livet mitt i er i fare. Eg er vorten åtvara om at forferdelege ting vil skje om eg ikkje tek på meg skautet. Eg treng fellesskap og forbøn.” Kort tid etter fann dei henne død.

Ali vart kristen i 1997, og var aktiv medlem av Somali Christian Brotherrs`Organisation. Mange av leidarane av denne organisasjonen som vart skipa i 1996 av biskop Abdi Gure Hayo, er vorten drepne for å ha biblar i eige.

I 1994 jobba Ali som translatør for FN då organisasjonen forsøkte å få i gang forhandlingar mellom stridande klanar i Jubaregionen.

I dag er det mogelegvis så få som 75 kristne att i Somalia. Fleire er vorten drepne dei siste 4 vekene.

Bøn: Herre Jesus Kristus! Me ropar i dag til deg for dei kristne i Somalia. Gje dei vern og styrke til å stå i elden. Trøyst dei som sit sørgande attende etter Amina Muse Ali. Takk for alt det gode som du fekk gjera gjennom denne kvinna. Me ærar hennar minne.Send dine englar for å tena di kyrkje i Somalia. Hald auga med motstandarane og set hindringar i vegen for dei når dei planlegg det som vondt er mot dine vener. Set ein stoppar for djevelen i hans strev for å reinsa Somalia for ditt dyrebare ord, og lat det enno ein gong vera sant at martyrane sitt blod er kyrkja sitt såkorn. Amen.

Ingen kommentarer:

Ei bøn for Israel under åtak

•         Abraham, Isak og Jakobs Gud, vår Herre Jesu Kristi Far! •         Landet og folket ditt er under åtak, og dei fleste av verdas l...