fredag 31. januar 2025

Bøn for dagen

 Gode Far!

Me ber i dag om at du skal verna alle som er ute på reise slik at dei kjem seg trygt fram til der dei skal. 

Dramatiske ting har skjedd dei siste to døgna. Flystyrt i Washington DC, snøras i Alpene, dobbeltdrap i Bergen, fælslege krigshandlingar i Kongo og Sudan

Gode Gud! Gje dei sørgande trøyst og mot til å leva vidare. Hald di gode, vernande hand over dei som enno ein gong må flykta for liva sine, og me tenkjer særleg på barna og mødrene deira. Vern kvinnene mot valdtekt og andre overgrep. 

"Reis deg, Herre, lat ikkje menneske få makt. Lat folka få sin dom for ditt andlet. Fyll dei med redsle, Herre, og lat dei forstå at dei berre er menneske!" 

torsdag 23. januar 2025

Hatikvah, ein bønesong.


Israels Gud! Me ber om at alle gislane i Gaza skal bli sette fri og få koma heim til sine kjære, og at du skal beskytta dei mot alle typar overgrep, og mot djevelens hysteriske hat og harme. 

fredag 10. januar 2025

Dagen norske kommune: Samnanger i Vestland






 Innbyggjartal: 2502.

Kommuneadministrasjon: Tysse

Næring: Tenesteyting og industri

Kyrkje og kristenliv: DNK har to kyrkjer med mange aktivitetar, og IMS har ei Misjonsforsamling knytta til bedehuset i Tysse. Denne forsamlinga har eigne gudstenester kvar søndag kl 11.

Må dei kristne i Samnanger stå saman i tenesta for evangeliet. Styrk det økumeniske fellesskapet i kommunen, og hjelp dei truande å nå ut med ditt ord til innbyggjarane på ein slik måte at rett mange kjem til tru.

Velsign kommunen med kompetente leiarar på alle nivå. Velsign industrien, jordbruket og alle som driv næring, og lat skatteinngangen vera god.  Me ber om trygge, varme og rusfrie heimar og oppvekstmiljø. 

Lat det gå Samnanger og samningane godt.


Dagens unådde folkeslag: Dhimar frå India

 


2 135 000 tilhøyrer i følgje joshuaproject.net dette folket.
Dei er hinduar, og snakkar hindi.
Dhimar er fattige, og er å finna innan mange praktiske yrker. 
Dei tiber fleire gudar. Elefantguden Ganesha er viktig fir dei. 

Herre Jesus, du som eig hausten og er hausten sin Herre, driv arbiedsfolk ut til din haust i Dhimarfolket i Inida. Dei har venta så lenge på evangeliet. Må det no vera deira tur å få overrekt dei dyrebare gåvene dine. Det ber me om i Jesu namn. Amen! 




Påtroppande president Trump sine uforståelege geopolitiske forslag

Påtroppande president Donald Trump trugar alt no å overta kontrollen over Panamakanalen og Grønland med militæmakt, og han ønskjer å innlemma Canada i USA. Dette er rett og slett uvenleg diktatorsnakk, og me ber: 

Herre Jesus!

Me ber i ditt namn om at du tek kontroll over påtroppande president Trump sitt liv og hans måte å tenkja og snakka på. Må han helga deg til Herre, og leggja vekt på å konsolidera deg før han uttrykkjer seg. Eg vil at han skal reflektera dine verdiar, og at presidentperioden hans skal bli hugsa som ei gyllen tid for verda. Eg vil at han skal vera ein som forsvarar USA sine vener og allierte,  og ikkje på nokon måte trugar dei. Amen!

Brannar herjar vilt i California

 Gode Gud!

Sjå i nåde til alle som har mista sine kjære i desse brannane, og dei som har mista heimane sine og alt dei elles eig. Me ber om at været skal endra seg, at det skal bli stille og at det skal koma regn, i Jesu namn. Amen!


fredag 3. januar 2025

Dei som er berørte av draps tragediane i New Orleans og Montenegro

 I forgårs køyrde ein tidlegare amerikansk soldat, no IS-sympatisør, inn i ei folkmengde i ei gågate i New-Orleans og drap minst 15 menneske, og skada mange fleire, og i går gjekk ein mann frå Montenegro berserk med ein pistol og drap minst 10 menneske for noko som tilsynelatande såg ut til å vera ein bagatell.

Gode Gud! Miskunna deg over dei som er skadde, og hjelp dei til å overleva. 
Trøyst og styrk dei som sit tilbake i namnlaus sorg. Må denne vondskapen få folk til å søka din godleik, Gud. Far i himmelen! Djevelen rasa for tida. Få han til å teia, i Jesu namn. Amen! 



Kong Haakon VIII

  Kong Haakon VIII Herre Jesus Kristus! Du har all makt i himmel og på jord. Vår nye konge, kong Haakon VIII, er din tenar, din vasall, og m...