mandag 22. juni 2009

Susanne framleis kritisk skadd


Den 13 år gamle jenta Susanne frå Slemmestad som 18. juni vart sitjande fast under ein bil og slept over 4 km. av garde er enno kritisk skadd. Be om full lækjedom for henne. Ho ligg no på brannskadeavdelinga på Haukeland. Be spesielt om at alle brannsår må gro utan at det vert store arrdanningar.

Kurdarane i nord-Tyrkia


Det er over 8 millionar kurdarar i nord-Tyrkia. Dei er i all hovudsak fattige bønder. Som alle andre kurdarar er dei politisk og kulturelt undertrykte, og dei er utsette for rasisme. Helsetenesta blant desse menneska er svært skral, og dei lir ofte av malaria, og mange har tuberkulose og trakoma (kronisk augebetennelse). Kurdarane er, som me har nemnt før, eit folk utan land. Dei tel meir enn 30 millionar menneske, og er spreidde over eit stort område i Irak, Tyrkia, Syria og Iran.

Bøn: "Herre Jesus Kristus! Me veit at dei kurdiske folka ligg deg så tungt på hjarta. Dei vert undertrykte av Satan og av mennesker. Eg ber om ditt ord skal nå fram til dei, frelsa dei og setja dei i fridom frå synd, skuld og skam. Kall kristne legar til å reisa til dei kurdiske områda i Tyrkia for å gje menneska der god medisinsk hjelp samstundes som dei deler evangeliet om Jesus med dei. Styrk dei få kristne kurdarane som trass alt er der. Fyll dei med Anden og gje nåde og kraft til å dela evangeliet med frendane sine, og til å etablera gode og vitale kyrkjelydar mellom dei."

Må Guds ljos, fred og nærvær vera over deg når du ber, og må han gje deg den trua som verkar under.

fredag 17. april 2009

Nosufolket i Xiaoliangshan i Kina

Folketal: 504000, spreidd over eit stort område.
Språk: Nuoso.
Historie: Fortrengt av kinesisk ekspansjon mange gongar frå 1700-talet og fram til moderne tid.
Levesett: Nosufolket er bygd opp rundt eit rigid kastesystem, og var heilt fram til 1958 basert på slavedrift. Lågkastefolka utgjer over 40% av folketalet.
Religion: Polyteisme, animisme og fedredyrking.
Kristne: 0,05%

Bøn: "Herre Jesus, du som på korset sigra over døden og djevelen: Send ditt ord og ditt ljos til Nosufolket i Kina og set dei fri frå synd og syndige tankemønster. Hjelp dei å forstå at alle menneske er like mykje verd, og at frelsen er for alle. Bryt ned all falsk stolthet i dette folket og lat dei audmjuka seg under di mektige hand. Grunnlegg ei sterk og levande Nosukyrkje, og lat riket ditt koma til dei. Må du få din veg med dette folket. Grip dei med din kjærleik, fød dei på nytt og gjer dei til brennande vitne om deg. Amen."

Bergly barnehage

Naboane til Bergly barnehage har gjennom lenger tid gjort kva dei har kunna for å stoppa drifta. I dag går dei breitt og samla ut i media (Bladet Sunnhordland) og talar saka si . Dette aukar konfliktnivået munaleg. Be om at tiltaket ikkje skal lukkast for dei, og at barnahagen skal få fred til å driva vidare utan meir trøbbel.

fredag 10. april 2009

Biskop Olav Skjevesland


Lat oss be om trøyst og styrke for biskop Olav Skjevesland som nyleg miste kona, og at tenesta hans skal få ny djupne gjennom sorga.

mandag 23. mars 2009

Mexico

Lat oss be for Mexico der kriminelle narkotikakartell er i ferd med å overta styringa av landet. Be om at Gud skal knusa desse kartella og ausa Anden sin ut over landet til personleg frelse for folk slik at dei lærer seg å tena Gud og nesten. Be om at mexicanarane skal venda seg bort frå avgudsdyrking (Mariadyrking) og okkulte seansar, og læra Gud å kjenna gjennom Jesus Kristus.

Tromsø

Lat oss be for Tromsø som har vore råka av 2 forferdelege affektdrapssaker den siste tida.
Be om Guds nærvær og vern over byen. Og be om at kommuneleiinga gjev opp fiendskapen sin mot Israel.

Dagens nasjon: Mosambik

  Mosambik ligg på austkysten av Afrika, og har 35 632 000 innbyggjarar. 46% er kristne. Dei fleste katolikkar. 11% er evangeliske.  Hovudst...