Folketal: 6 637 000.
Religion: 99,98% hinduisme
0,02% kristne
Språk: Malayalam og tamil
Ilavanfolket dyrkar kokos, og lagar gjerne alkoholhaldige drikkar ut av kokosmjølk. Mange er tømrarar, andre jobbar i transportsektoren.
Kjelde: joshuaproject.net
Gode Gud og Far! Du er den rette far for Ilavan i India Men enno kjenner dei ikkje deg, og eg ber: Gjer deg kjent for dei! Send visjonære og brennande misjonærar til dei som introduserer deg, dine sanningar, di kraft og din kjærleik for dei, og som gjev dei ditt livgjevande ord. Herre, dei treng å forstå at dei ikkje kan bli frelst gjennom gjerningar eller religiøs seremoniar, men berre ved å ta imot di frelse i Jesus Kristus som ei gåve. Aus Anden ut over dei slik at dei ser sine synder, og Jesus som frelsaren frå all synd, og løys dei frå hinduismens mange åndsmakter.
Løft
folket ut av fattigdom, og styrk deira sosiale posisjon i samfunnet. Hjelp
familiane å vera gode mot kvarandre og eg ber om samhald, truskap og kjærleik i
familiane. Eg ber også om at alle vaksne
skal leva edrueleg og ansvarleg. No ser eg fram til at Ilavan
skal bli innlemma i din familie, og at det skal etablerast ei levande og
dynamisk Ilavan-kyrkje som kan kan formidla
deg til folket sitt på ein kraftfull og truverdig måte. Amen!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar