mandag 17. mars 2025

Dagens unådde folkeslag: Dusadh i India

 


Dusadhfolket telover 6 millionar menneske. 0.03% er kristne. 
Dei snakkar hindi, og er hinduar. 
Dusadh er lågkastefolk som utviser stor kreativitet i kampen for å overleva. 

Å Gud! Du har dette folket i hjarta ditt, men dei står utanfor ditt rike. Må evangeliet om Jesus no snarleg bli forkynt for dette folket slik at dei kan koma til tru og få frelse, nytt liv, framtid og håp i han. Det ber me om i Jesu namn, amen! 

Tre iranske konvertittar dømde til lange fengselsstraffer

 


Abbas Soori, Narges Nasri og Mehran Shamloui, er iranarar som har kome til tru på Jesus. No er dei dømde til heilt ville fengselsstraffer. Narges (som er gravid) til 16 år, Abbas fekk 15 år og Mehran 11 år. Det spesielle er at ingen av dei er pastorar, men vanlege kyrkjemedlemmer. Det er tydeleg at regimet i Iran no satsar alt på å skremma trua ut av folk, eit symptom på at dei kjenner seg makteslause med tanke på å stoppa den kristne vekkinga i landet. Iranarar lengtar så mykje etter Jesus og hans kjærleik. Dei har fått meir enn nok av religiøst strev og islamsk hat. Be for desse tre, og i særleg grad for barnet Narges ventar. Kva skal det bli med det? "Herre, miskunna deg over dei alle! " Kjelde: Avisa Dagen og Artikkel 18

Å Gud! Hjarto våre blør med tanke på desse tre.
Gode Far! Må du gripa inn med stor kraft i desse tre sine liv, og fri dei ut frå fangenskapet.
Me ropar til deg for barnet til Narges. Må det ikkje hamna i feil hender. Det tilhøyrer deg og mora og faren, og ingen andre.
Denne naude er større enn me kan bera. Me er så hjelpelause, og den einaste som kan hjelpa er du.
Må det reisa seg eit stort internasjonalt press mot styresmaktene i Iran som gjer at dei ikkje lenger kan halda desse i fengsel.
Me ber i Jesu namn, amen!

Austevoll i Vestland

Næringsliv: Austevoll er ein typisk fiskerikommune med pengesterke reiarar og godt betalte fiskarar.
 
Kyrkje og kristenliv: DNK har tre kyrkjelydar. Indremisjonen står også sterkt, og har ei Im-forsamling der.  

Herre! I dag ber me om at austevollingane skal forstå at du er den sanne Gud som har velsigna dei over alle grenser med fisk og rikdom. 
Må alle kristne på Austevoll leva i dagleg fornying for ditt andlet.
Må dei saman nå ut med evangeliet til alle i kommunen som enno ikkje kjenner deg.
Må det gå denne kommunen godt på alle måtar. 
Amen! 





 












Dagens unådde folkeslag: Dusadh i India

  Dusadhfolket telover 6 millionar menneske. 0.03% er kristne.  Dei snakkar hindi, og er hinduar.  Dusadh er lågkastefolk som utviser stor k...