mandag 22. august 2016

Maldivane


 


























Maldivane er ei langstrekt gruppe med koralløyar i Det indiske hav. Det er vel 300 000 menneske som bur der fast. Øyriket er eit svært attraktivt tursitmål. Landet er underlagt eit strengt islamsk styresett, og styresmaktene avgrensar vanlege maldivarar sin mulegheit for å ha kontakt med turistar. Det er strengt forbode å praktisera andre religionar enn islam. Over 99% av befolkninga er muslimsk. Omtrent alle kristne er utlendingar.

Maldivane er sårbare med tanke på økokatastrofar. Issmelting og havnivåstigning kan bety undergangen for landet.

Bak den fine fasaden er det ein mørk røyndom. Landet har mellom verdas høgaste skilsmissetal, det føregår utstrekt seksuelt misbruk av barn, narkotikamisbruket er omfattande og kriminaliteten skyhøg. 70% av tenåringane brukar stoff.

Islam er blanda opp med gamle okkulte forestillingar og praksisar, noko dei kallar fanditha. Det er mørke saker.

* Be om at Guds lys skal trenga gjennom det tette åndelege og moralske mørkret som kviler over maldivane.
* Be om at Gud skal koma dei unge til hjelp, og fylla liva deira med sin berusande kjærleik i Jesus Kristus.
* Be om at djevelen skal sleppa taket i denne øygruppa.
* Be om at eventuelle kristne i landet får kraft og inspirasjone til å vitna om Jesus for sin medborgarar.
* Be om beskyttelse for dei kristne som måtte vera der, og for dei som i nær framtid vil bli kristne.

mandag 15. august 2016

Libya

Libya er eit stort land på 1 775 500 kv.km. Det meste er ørken, og omtrent alle innbyggjarane bur langs Middelhavskysten. Hovudstad: Tripolis.
I Libya byr det 6,5 millionar menneske. Etter Muammar Gadaffis fall oktober 2011, har landet vore djupt splitta, m.a. fordi ISIL utnytta maktvakuumet i landet til å sikra seg fotfeste der. Det har resultert i borgarkrig og grove overgrep mot kristne. 21 koptiske kristne arbeidarar frå Egypt vart skotne på ei strand i 2015, og eit par månader seinare vart 30 truande etiopiarar halshogne, alt filma og lagt ut av overgriparane. Landet er i dag heilt utan einskapleg regjering.

Landet er rikt på olje, men produksjonen har naturlegvis stoppa opp i skuggen av krigen.

Opprinneleg var Libya befolka av berberar, men desse er no nesten heilt assimilert av den arabiske majoriteten.

97% av befolkninga er sunnimuslimsk. Dei få kristne som bur i landet er i stor grad av utlendingar. Likevel har nokre etniske libyarar den siste tida kome til tru. Det er med livet som innsats dei konverterer. Her er kristendomen seriøs.

  • Be om at ISIL skal bli nedkjempa i Libya, og at landet skal få ei einskapleg regjerning med full kontroll.
  • Be om at Gud i sin store nåde skal gje dei få kristne i landet ro og rom, at dei skal finna fram til kvarandre, halda saman, ha tilgang til biblar, bli fylta av Anden, utvikla eit sterkt bøneliv og bli ivrige og effektive vitne om Jesus
  • Be om at Jesus må openberra seg på overnaturleg vis også for libyarane, om dei er moderate eller ekstreme muslimar.

Dagens unådde: Malayar i Aust-Malaysia

I følge www.joshuaproject.net tel denne folkegruppa 280 000 menneske. Dei er muslimar (men blandar mykje animisme og hinuisme inn i trua si), snakkar malay og har tilgang på heile Bibelen i tekst og lyd, samt Jesusfilmen. Det finst nokre ytterst få kristne mellom dei.
Desse menneska lever i kystnære områder, og har tradisjonelt livnært seg av fiske. I dag er dei engasjert i eit knippe av yrker.

Malayane lever i ein æreskultur der det å mista andlet er det verste som kan skje. Dette er ei stor hindring for evangeliet.

Bøn:
Herre! Me ber for dei få kristne som lever i denne folkegruppa at dei skal finna saman, halda seg trufast til deg og til kvarandre, at dei skal få opplæring i ditt ord, blir disippelgjort og fylt med Den heilage ande slik at dei kan vinna frendane sine for Kristus. Me ber også om at du sender hjelparar til dei som kan styrka dei i trua og hjelpa dei med å fungera godt som kristne.
Me ber om at du auser Anden din utover alla malayar slik at dei ser sine synder, spør etter frelse og blir opne og mottakelege for evangeliet. Velsign dei på alle livsens områder, og lat det gå dei vel. 

Terroraåtak i Magdeburg i Tyskland

  Som sikkert alle har fått med seg har ein saudiarabisk lege i Tyskland valt å køyra full fart med bil  inn i ein julemarknad full av folk....