torsdag 24. mars 2011

Bøn for Kambodsja

Allmektige Gud!

Me ber for Kambodsja, ein av dei fattigaste og minst utvikla nasjonane i heile Asia. Lat dei som bur der finna sin rikdom i deg, Far.

Gje lækjedom for dei djupe såra som vart påført nasjonen etter folkemordet frå 1976-1979.
og me ber om at alle ansvarlege for desse brotsverka vert funne, arrestert og tildelt rettferdig dom i det pågåande rettsoppgjeret.

Me ber mot all den korrupsjon som er så utbreidd i regjeringa. Reis opp leiarar med integritet som reiser seg mot korrupsjonen, og lat ditt sanne Ord regjera i denne nasjonen.

Herre, så ber me for dei fattige og undertrykte. Me veit at du er ein forsvarar for dei svake, og me ber om at du reiser deg i kraft for å fremja rettferd for dei som du elskar.

Herre, me veit at valdskriminalitet er utbreidd i dette landet, og at overfall, kidnapping og menneskehandel er omfattande. Før barn, unge, kvinner og menn som vert selde til fangenskap og prostitusjon rundt omkring på kloden ut i fridom. Me ber også om at kyrkja di skal reisa seg og begynna å elska dei foreldrelause, at du frir desse ut frå slaveriet, lækjer dei og gjev dei fred og forløysing.

Me ber for kongen i Kambodsja, at du leier han i måten å regjera på, og at han skal søkja deg. Me ber også for kyrkja, at du gjev henne gode pastorar. Hausten er stor, men arbeidarane er få, reis opp arbeidarar til å gå ut til alle landbruksområda i Kambodsja, og me ber om at Den Heilage Ande skal blåsa over nasjonen som ein frisk vind, og at du tenner folket i Kambodsja i brann med din Heilage Andes eld, i Jesu namn, amen!

Ingen kommentarer:

Forfølging i India: Deportasjon av kristne

 Den 17. november vart vedtok leiarane i 8 landsbyar i Sukma, eit distrikt i delstaten Chattisgarh at dei kristne i desse samfunna anten måt...