søndag 9. november 2014

Kristent ektepar mishandla og brent til døde i Pakistan



 


Overgrepet skal ha skjedd 4.november. Det hadde gått rykter om at Shama Bibi (28) hadde brent sider av Koranen. Det samla seg ein mob som drog henne og ektemannen Shazad Masih (32) ut av huset dei budde i, skamslo dei og kasta dei inn i ein brennande teglsteinsomn. Ekteparet med fire barn budde i landsbyen Chak, 6 mil sørvest for storbyen Lahore. I Pakistan vil truleg ingen bli stilt til ansvar for dette mordet. Det blir ikkje ein gong etterforska. Dette drapet har rysta heile verda, og no blir det vonleg sett flaumlys på Pakistans håplause blasfemilovgjeving, lover som til slutt får vanlege ignorante menneske til å opptre som anklararar, dommarar og bødlar. 

Be om at nokon må ta godt vare på barna deira, og at dei skal få dobbelt att for alt som djevelen no har teke frå dei.
At barna og familien skal erfara Guds nærvær i stormen.
At Gud skal opplysa samvitet til dei som har gjort ugjerninga slik at dei kan venda om.
At blasfemilovene i Pakistan skal bli annulerte av parlamentet, og at andre land skal pressa dei til å gjera dette.
At Guds rike og Guds ord skal gå fram i Pakistan, også som ei frukt av dette martyriet

Kenneth Bae og Matthew Miller sett fri frå Nord-Koreansk fangenskap




Kenneth Bae - Kenneth Bae holdt en kort pressekonferanse etter at han var kommet hjem på amerikansk jord. - Foto: ANTHONY BOLANTE / Reuters
Det er grunn til å takka Gud for at den amerikansk-koranske misjonæren Kenneth Bae i dag vart lauslaten frå Nord-Koreansk fangenskap etter to år i tvangsarbeidsleir. Han hadde fått ein dom på 15 år. Det er den svenske ambassaden i Pyongyang som har jobba fram denne lukkelege løysinga for desse to mennene. I dag kom dei begge heim til sine kjære. No må me be om at dei klarer overgangen godt, og at Gud lækjer kropp og sjel.

Kreftsjuk kvinne

I dag vil eg be dykk om be for ei kreftsjuk kristen kvinne. Ho vil få endeleg beskjed om sin status komande onsdag. Ho er redd. Be om at Guds kraft mp kvila over henne framover og lækja henne. Be om massevis av tru og håp, og om Guds overnaturlege fred.

Kong Haakon VIII

  Kong Haakon VIII Herre Jesus Kristus! Du har all makt i himmel og på jord. Vår nye konge, kong Haakon VIII, er din tenar, din vasall, og m...