tirsdag 23. september 2025

Noreg

Folketal: 5 623 071
Største religion: Kristendom (91,1%)
Prosent evangeliske: 8,4%
Prosent muslimar: 4,5%

Den norske kyrkja, som inntil nyleg var ei statskyrkje, og som i praksis er det enno, var lenge ei evangelisk luthersk kyrkje som var tru på mot Bibelen i liv og lære. Det er per i dag berre etiketten attende. Samlivsetikken diskvalifiserer per i dag DNK som eit genuint kristent kyrkjesamfunn. Halvparten av dei aktive kristne i Noreg tilhøyrer denne kyrkja. 

I frikyrkjene er stoda betre, men dei er også under eit massivt liberalt press. Fleire av dei gjev etter. Denne veka vart Misjonskyrkja i Oslo ekskludert frå Misjonsforbundet. Dei hadde tilsett ein homofilt samlevande pastor. Haldningane til likekjønna samliv blir for tida mjuka veldig opp mellom medlemmene i desse kyrkjene også. 

Gode Gud!

Reis opp kyrkja di i Noreg og gjer henne levande, varm, sann, kraftfull og godt synleg for alle. 

Må ditt inntrengande kall til omvending og tru gå ut frå di kyrkje til kvart einaste menneske i dette landet.

Gje kyrkja di velutrusta  og åndsfylte leiarar som elskar deg og sine medmenneske, forkynner ordet ditt med truskap og lever etter dine bod. 

Må alle som trur på deg ta opp krossen sin og følgja deg tett. 

Reis opp apostlar, profetar, evangelistar, hyrdar og lærarar som kan utrusta dei heilage til all god gjerning, og som kan tala inn i samfunnsleiarane sine liv.  

Me ber om kyrkjelydar og kristne som er prega av misjonsiver, Andens kraft, Andens gåver og Andens gode frukter. 

Må du transformera Noreg med Den Heilage Andens kraft.

Hald di gode hand over kongen og familien hans. Før dei på dine vegar, og gjer dei til gode kristne førebilete for nasjonen.

Må ditt lys skina for dei som sit på Stortinget og i Regjeringa. Gje dei å venda om til deg, bøya seg for deg og for ordet ditt. Gje dei klåre tankar, varme hjarto og visdom til å gjera rette prioriteringar.

Må Noreg igjen søkja venskap med Israel, og stoppa all støtte til landet sine fiendar.

Må lovene i landet vårt bli harmoniserte med dine lover.

Må barna i mors liv få rettsvern heilt frå dei er avla. 

Må barn og unge få veksa opp i rusfrie, varme og fredfulle heimar 

Me ber om at alle barn og skal vera beskytta mot overgrep og forføring.

Må dei vera trygge i eigne kroppar, og ikkje bli utsette for  kjønnsideologiske løgner.

Me ber mot all råskap og vald blant kriminelle, og blant sjølvsentrerte menn utan moralske kompass.

Me ber om oppløysing av kriminelle bandar og kartell. 

Må LHBT+ rørsla bryta fullstendig saman under tyngda frå sanninga.

Må alt sunt og ærleg næringsliv gå godt, og alle uærlege og unyttige føretak forvitra. 

Må nye grundarar dukka opp, og ny industri veksa fram. 

Me ber om gode kår for bøndene, og at du vernar dei mot flaum, tørke, ulukker, skade og sjukdom på husdyr. Gje gode vekstvilkår for korn, poteter, grønsaker, bær og anna frukt. 

Me ber også om godt fiske, og om ei forsvarleg forvaltning av bestandane. 

Må Noreg bli kjent for å vera eit land som gjev vern og underhald til enkjer, farlause, innflyttarar, flyktningar og fattige.

Me ber om at Noreg skal bli eit raust og gjestfritt land å bu i. 

Me ber om nye kristne skular på alle utdanningsnivå

Me ber om at kristne skular skal få same økonomiske vilkår som offentlege skular. 

Me ber om eit oppegåande helsevesen som tener folket vel. 

Me ber om politifolk med friske kroppar, klåre hjernar og varme hjarto. 

Me ber om oppegåande domstolar og gode dommarar.

Me ber om sterke kristne aviser og mediebedriftar, og om redaksjonar med høge krav til innhald og kvalitet.

Me ber om eit sterkt, effektivt og funksjonelt forsvar.

Vakta du grensene våre, og vern oss mot alle former for åtak utanfrå, inkludert russisk hybrid krigføring.




Assyrisk kristen frå Irak brutalt drepen i Lyon

 Laurdag den 10. september, då Charlie Kirk vart drepen ved eit universitet i Utah, USA, leid ein kristen irakisk flyktning  martyrdøden i Lyon, Frankrike. Ashur Sanaya var funksjonshemma og sat i rullestol. Han posta flittig om Jesus på TikTok, og kritserte islam. Han hadde blitt truga på livet for dette, men let seg ikkje stoppa. Jesus var hans store lidenskap, og han ville så gjerna nå ut med evangeliet til så mange som mogeleg. Men laurdag 10. september var det slutt. Medan han streama ein bodskap utanfor huset sitt, vart han knivstukket i nakken av ein til no ukjent mann. Livet hans stod ikkje til å redda. 

Ashur Sanaya og søstera flykta frå Irak då  den uvanleg brutale og morderiske islamske organisasjonen IS erobra store deler av landet i 2014. Tallause kristne vart krossfesta og halshogne av IS der dei fór fram. 

 Sanaya var kjent mellom dei kristne i Lyon som ein "snill, diskret og djupt religiøs person som likte å dela den trua si med andre." 

Så vart det ikkje éin martyr denne spesielle dagen, men minst to: Ashur Sanaya og Charlie Kirk. Lat oss hugsa dei begge, og æra minnet deira på den måten at me også deler trua vår med andre. 


Kjelder: International Christian Concern og syriacpress.com

Herre Jesus! Talet på martyrar aukar dag for dag. Trøyst og styrk deira næraste, og hjelp oss å gå i deira fotspor. Amen!

mandag 22. september 2025

Nord Korea intensiverar bruken av dødsstraff

 Dei siste åra har Kim Jong Un intensivert bruken av dødsstraff. No kan nordkoreanarane bli dømde til døden for å bli teken med ein bibel, eller for å ha sett ein utanlands TV-serie, melder Stafanusalliansen i bladet sitt Stefanus. 

Regimet blir meir og meir brutalt, noko som tyder på frykt for å mista grepet. 

Gode Gud! Sjå i nåde til den nordkoreanske befolkninga, og lat snart denne lagvarige marerittstida snart ta slutt. I Jesu namn. Amen! 

Allmektige, gode Gud! Sjå i nåde til alle i det jødiske samfunnet i Australia som i dag vart utsette for terror under feiring av Hanukkah. T...