tirsdag 5. august 2025

Sør-Korea I

 Sør-Korea har eit folketal på 56,6 millionar. 31% er i følgje Operation World kristne. 16,8% er evangeliske.

Den enorme kyrkjeveksten som var for nokre år sidan, har stoppa opp, sjølv om kyrkjene held på med det same som før. Mogelege grunnar til oppbremsing kan vera mange splittingar og svært lovisk forkynning. Sør-Korea er dessutan eit topp moderne industrisamfunn (Samsung, Hyundai, LG og Sony er kjende sørkoreanske merker) med alle dei problema som følgjer med: verdas lågaste fødselstal (0,72 per kvinne), einsemd, høge sjølvmordstal, digital avhengighet, enorm avstand mellom fattig og rik.

Stadige trugsmål om kjernefysisk åtak frå Nord-Korea plagar nok folk ein del.

På plussida: Sør Korea er blitt verdas leiande misjonsland etter USA. Koreanske misjonærer er å finna snart over alt i verda. Dei gjer ein imponerande innsats. 

Takk Gud for det store han har gjort, og gjer,  i Sør-Korea, både for landet og for verda.

Be om større einskap mellom dei kristne i landet. 

Be om at Gud auser sin kjærleik ut over kyrkjene, og over heile samfunnet.

Be om at evangeliet skal nå ut og inn til alle koreanarar, og at Gud skal møta folk sine åndelege, fysiske og mentale behov.

Takk Gud for misjonsengasjementet, og be om at dette arbeidet skal bera rike frukter.


mandag 4. august 2025

Nord Korea II

 Ein reknar med at 100 000 kristne er plasserte arbeids- eller konsentrasjonsleirer i Nord-Korea. Ingen kjem levande ut. 

Be om Guds mektige nærvær i liva deira.

Be om at det må bli sett fokus på denne uretten

Nord Korea tronar øvst på statistikken over land i verda som forfølger kristne. Berre å uttala namnet JESUS kan føra til dødsstraff. 

Be om at Satans makt må brytast i dette landet og over dette folket. 

Trakassering av kristne i Aserbadsjan

 

Politiet i Nakhitsjevan hadde ei tid  overvaka eit hus i der kristne møttest. Ein søndag i april storma så rundt 20 politifolk  eit søndagsmøte . Dei arresterte tre besøkande frå Baku, og heldt dei i to dagar utan mat. Politiet reiste sak mot dei tre og to lokale personar. Nakhitsjevan byrett ila dei fem bøter tilsvarande inntil tre månaders gjennomsnittsløn kvar den 19. juni. Dei fem vil få store vanskar med å betala dei høge bøtene, opplyser ein person som kjenner saka. Den koreanske misjonær familien som eigde huset, vart også bøtelagde før dei vart deporterte. Dette melder Forum 18. 

Gode Jesus! Sjå i nåde til kyrkja di i Aserbadsjan. Dei kristne der går i motbakke. Men du går med dei. Styrk dei mektig med din Ande. Ta frykten ut av hjarto deira. Reis opp kloke og standhaftige leiarar mellom dei. Hjelp dei bøtelagde med å få betalt bøtene sine. Utøv di allmakt overfor dei som plagar venene dine. Må lyset ditt sigra over Satans mørke i Aserbadsjan.

søndag 3. august 2025

Nord Korea

 Nord Korea med sine 26,5 millionar menneske er verdas mest lukka land. Folket lever i den djupaste fattigdom, og sidan 1994 har, i følgje Operation World, over 3 millionar menneske døydd av svolt, heilt utan at verdssamfunnet bryr seg noko nemneverdig. 

Kim Jung Un og søstera hans Kim Jo Jong styrer med hard og nådelaus hand, og offentlege avrettingsar er vanlege. 

1,5% av befolkninga er kristne. Det er med livet som innsats din følgjer  Jesus i Nord Korea. Det er ei lutra kyrkje i dette landet.

Kim Jung Un brukar enormt med pengar på opprustning, og stolar mot å bli ei stormakt. Kanskje er dei allereide det.

Takk for kyrkja i Nord Korea, og be om at dei truande blir bevarte i trua livet ut.

Be om at evangeliet skal finna sin veg til nye sjeler

Be om at regimet skal falla, og at landet får eit rettferdig styre.



Israel og Gaza

 I dag takkar me for Israel og det jødiske folket.

Me ber me om fred for Jerusalem

Me ber om at alle israelske gislar i Gaza skal bli sett fri. 

Me ber om at Hamas skal kapitulera, leggja ned våpna sine og overgje seg.

Me ber om trøyst for dei som sørger, og lækjedom for dei som er skadde.

Me ber om ei god framtid for både jødar og arabarar i Midt-Austen.

Me ber om at Gud skal gjennomføra sine gode planar for Israels land og folk, og føra dei til frelse ved trua på Jesus. 

Me ber om at islam skal mista grepet sitt  på arabarane, at dei skal forkasta Muhammed og Koranen, bøya seg for Israels Gud og sanna, til hans ære, at Jesus Kristus er Herre. 


lørdag 2. august 2025

Ajuran i Kenya

 Nordaust i Kenya bur Ajuranfolket, historisk sett immigranter frå Somalia. Det er 199000 av dei. I gamal tid regjerte dei over heile Afrikas horn. Dei er dedikerte muslimar, og vanskelege å nå inn til med evangeliet. 

Kjelde: Joshua project

Gode Gud! Legg di hand på Ajuranfolket i Kenya. Openberra Jesus for dei som Den allmektige, som sjølve Himmelen, og den einaste som kan brings dei dit. Hjelp dei å sjå sin fortapte posisjon, og fly til Jesus for å finna frelse.

fredag 1. august 2025

Romersk katolske prest bøtelagt i Russland.

 Fader Alexandr Khmylov er blitt kraftig bøtelagt for å ha kritisert Russland si krigføring i Ukraina. Klagemålet er at han har diskreditert det russiske militæret  Politiet planlegg å utvida siktinga mot han med ein omfattande "drittpakke" der dei skuldar han for ekstremisme og LHBT-propaganda. Dette melder Forum 18. Khmylov har no flykta ut av landet

Gode Gud og Far!  Ver med Fr Alexandr Khmylov der han er, Beskytt han mot forfølgarane, og gje han alt han treng for livet sitt. Må kyrkja hans få ein prest som elskar Jesus og sanninga. Me ber om at du vernar alle i Russland som reiser seg mot løgn og urett.

Kenya

 Kenya har over 57 millionar innbyggjarar. 82,6% er kristne. 48,9% er evangeliske. Landet vart djupt berørt av den austafrikanske vekkinga som prega kyrkjelivet i mange land frå 1948 til 1960. Kyrkjeveksten er framleis stor i Kenya, men det er mykje namnekristendom. Mange "vender om" til Jesus utan at det får konsekvenser for liva deira.  

Det er ein enorm avstand mellom fattig og rik i Kenya. Korrupsjonen er vanvittig.  Slumområda i byane eser ut. Den politiske spenninga er stor, og opprør mot styresmaktene blir vanlegare og vanlegare. Mykje av dette handlar også om stammekonfliktar. 

Slike levekår avlar kriminalitet.

Eit fleirtal av innbyggjarane er barn og unge. Mange er foreldre lause pga AIDS som krev 500 liv dagleg. 

Det er enno mange unådde folkeslag i Kenya. Men misjonsmedvitet i kenyanske kyrkjer er aukande, og mange vestlege misjonsorganisasjonar er til stades i landet. Det gjev håp for desse folkegruppene.

Kenya er stadig råka av islamsk terror. Særleg er Al Shabab aktive. Det er mykje blod og sorg i deira fotefar. Kristne er ei prioritert målgruppe for desse brutale og forførte menneska. 

Be om at dei folkegruppene som framleis står utanfor, skal koma innanfor, at det skal bli teke solide og berekraftige initiativ for å nå dei.

Be om godt kristent leiarskap som legg vekt på å disippelgjera dei kristne. Be om vekkinga i kyrkjelydane slik at Den Heilage Ande får frelsa dei namnekristne og transformera dei truande sine liv.

Be om rettsindige politiske leiarar som kjempar for folket,  og ikkje for å sikra velstand og rikdom for seg sjølve og familiane sine.

Be mot økonomisk og politisk korrupsjon.

Be om skulegang, utdanning og betring av levekåra for dei fattige.

Be om slutt på islamistisk terror.

Allmektige, gode Gud! Sjå i nåde til alle i det jødiske samfunnet i Australia som i dag vart utsette for terror under feiring av Hanukkah. T...