torsdag 28. november 2024

Ei bøn for Noreg

 Det er urolige tider, med krig og uro mange stader, og det åndelege og moralske forfallet er tydeleg å sjå både i samfunnet og i verdas mange kyrkjer. I Noreg blir det forkynt forførande lærdommar frå mange kyrkjer. Samlivssynder som forkynnarane skulle ha påtala som synd, vert i staden hylla som ekte kjærleik. Dette er ei svær krise som hindrar folk å venda om frå syndene sine og bli frelst. Dommen over falske forkynnarar vil bli strengare enn den som råkar syndarane. Det er tid for å be for landet vårt, og då kan du be slik: 

Gode Gud!

Reis opp kyrkja di i Noreg så ho blir godt synleg, som ein by på eit høgt fjell. Gje henne leiarar som elskar deg, ordet ditt, dei truande og heile folket. 

Reins kyrkja di for forføreriske lærdommar, og frels oss frå forkynnarar som forfører folk med dei frekke løgnene sine. 

Må kvar enkelt kristen følgja deg tett og erfara fridomen og gleda med disippellivet.

Reis opp apostlar, profetar, evangelistar, hyrdar og lærarar som kan utrusta dei heilage til all god gjerning, leiarar som trufast forkynner Kristus, og som kallar alle til omvending, etterfølging og tru. 

Må ordet ditt bli forkynt sant, klårt, reint, varmt og kraftfullt både i kyrkjelydane, i heimane, i ulike typar media og ute på gater og torg.

Må løgnene i alle falske ideologiar, religionar og «ismar» bli avslørte i lyset frå Guds ord forkynt i Andens kraft. 

Må bodskapen råka nordmenn djupt i samvitet slik at dei vert forskrekka over syndene sine, tek avstand frå dei, vender seg bort frå dei og famnar deg og di frelse.  

Må Noreg bli transformert ved Den Heilage Andens kraft.

Hald di gode hand over kongen og kongefamilien, og vern dei mot vonde åndsmakter som er i ferd med å trenga seg inn hos dei. Før kongen og familien hans trygt gjennom problema dei no står i. 

Gje oss gudfryktige, ærlege og kompetente politiske leiarar. 

Må lovene i landet vårt harmoniserast med dine lover.

Må barna i mors liv få rettsvern heilt frå dei er avla. 

Må næringslivet og organisasjonslivet halda ein høg etisk standard så ingen juksar seg til fordeler. 

Må Noreg bli kjent for å vera eit land som tek vare på enkjer, farlause, innflyttarar, flyktningar og fattige. 

Må alle i Noreg leva edruelege liv, og eg ber om nytt liv og fridom for alle som ligg under for rus. 

Me ber deg om å ta vare på freden, og at du skal verna  landet mot ytre fiendar.


lørdag 23. november 2024

Ei bøn for Stord kommune

Det er økonomisk vanskelege tider i Stord. Leiinga fortel om store uføresette utgifter som har kome på, og som vil få avgiftsnivået til å stiga til himmels. Det rører ved oss alle.  I tillegg går barnetalet kraftig ned, noko som fører til nedlegging av barnehagar og skular. Endringane i demografien vil ha uante konsekvensar. 

Eg har formulert bøna nedanfor for Stord, og eg veit at denne sikkert også kan bedast for mange andre kommunar i Noreg. Det er på tide å kopla Gud inn i problema våre, faktisk. No ser eg at ordføraren på Stord, Sigbjørn Framnes, som er FrP politikar ropar på staten. Det er sikkert ikkje dumt. Men å ropa på Gud er enno klokare. Bøna er slik: 


Gode Gud  og far!

Du er opphavet til alt godt, og ein som gjev hjelp til alle som ber. 

Difor vil me be til deg i tider som desse.

Sjå i nåde til oss som bur på Stord. Tilgje oss alle våre synder, og hjelp oss å snu oss bort frå det vonde og gjera det som godt er. 

Gje leiarane våre tru, mot, rettsinn og klokskap. Problema er mange. Hjelp dei å finna gode løysingar på vanskane me står i slik at me kan koma oss ut av denne situasjonen. 

Velsign den kommunale økonomien slik at me ikkje hamnar på Robeklista, men får behalda fridomen. 

Me ber om etablering av økonomisk solide verksemder som kan skapa varige arbeidsplassar for folk

Me ber om at dei verksemda som alt finst skal gå med gode overskot

Skjerm dei unge mot rusmidlar og skadeleg internettinnhald,  og gje dei ryggrad til å seia nei til alt som bryt ned kropp, sjel, venskap, famileliv og fellesskap.

Me ber om stabile ekteskap, og om fred og varme i heimane.

Me ber om edruelege vaksne, og om eit rusfritt samfunn. 

Me ber om ein god tilvekst i folketalet, og om at alle gravide skal få mot til å bera fram barna sine slik at ingen barn døyr som eit resultat av abort. 

Me ber om gode skular og sunne ungdomsmiljø, og om stopp i all mobbing og skadeleg åtverd. 

Me ber om ein slutt på all kjønnsforvirring mellom dei unge. 

Me ber om oppegåande kyrkjelydar som tener folk både åndeleg og praktisk. 

Amen!






onsdag 13. november 2024

Vår felles eiendom

 O Herre,

din dom er så forferdelig.

Den gjelder jo ikke bare meg eller ett eller annet tilfeldig menneske,

den gjelder alle.

Du har kunngjort din sannhet,

åpent og for alle.

Men du har gitt oss et alvorlig forbehold,

om vi holder den for oss selv,

mister vi den.

Den som betrakter som sitt eget, det som i virkeligheten tilhører alle, 

skal en dag bli bortvist fra denne felles eiendomn 

og bli sittende tilbake med sin egen uvirkelighet.

Augustin

Anders Frostenson: "De første kristnes bønner" side 88

Dagens unådde folkeslag: Dhobi i India

Bilete: joshuaproject.net Dhobifolket tel 13 770  000 menneske. 99,97% av dei er hinduar. 0,02% er kristne.  Dei snakkar hindi.   Dhobiane d...