Jesus vil at hans tempel skal vera eit bønehus for alle folkeslag. Det vil me ta på alvor. Me som trur er hans tempel i dag, og aldri før har me hatt reidskapar som no til å vita kven me skal be for og kva me skal be om. Difor vil me i denne bloggen gje deg informasjon om og hjelp til å be for nasjonar, unådde folkeslag, forfølgde kristne, forutan for folk som kjem opp i kritiske situasjonar. Følg med, og send gjerne inn dine bidrag til jethore@online.no, eller på bloggen sin kommentarplass.
tirsdag 31. desember 2013
Mostafa Bordbar sett fri 3. november
Den 3 november vart Mostafa Bordbar overraskande sett fri frå fengsel, og me får tru at dette er Guds verk. Takk til alle som ber. Han lever i faresonen og treng framleis forbøn.
Bønn ved inngangen til 2014
Gode Gud!
Fyll oss dette året med Kristi kjærleik og med stor iver for ditt namns ære.
Må lovsongen lyda der ditt folk er å finna.
Må dine barn vera venlege, fulle av tru, glede og kraft.
Gjer ditt nærvær gjeldande mellom oss.
Kall dine barn til å be, søka ditt åsyn og bevega din arm.
Må bøna bli første prioritet i 2014 for alle som kjenner Jesus.
Må truande menneske dagleg samla seg i større og mindre grupper for å be om ting dei blir samde om.
Må
kristne menneske bli svoltne på ordet ditt, studera det med større iver
enn før, gøyma det i hjarto sine, praktisera det og dela det med andre
menneske.
Må di kyrkje bli reinsa frå vantru, synd og urett.
Må dine barn finna saman og fryda seg over kvarandres selskap.
Må din flamme bli tent i oss og spreia seg ut frå oss.
Må dine gåver bli delt ut mellom oss, og Anden få rom.
Må
ansvaret og omsorgen for dei unådde folkeslaga og for dei ufrelste
mellom oss, gripa oss og driva oss til rette prioriteringar i livet.
Aus Anden ut over kyrkjelyd og samfunn, slik at vanlege folk begynner å spørja etter Jesus og tru på han.
Innstill
oss på nye erobringar , og utrust oss slik at me blir i stand til å
føra menneske frå død til liv, frå mørker til lys og frå Satans makt til
Gud.
Stadfest ordet ditt mellom oss ved at det skjer under og teikn og mektige gjerningar når me ber.
Må
me dette året for alvor å begynna å bevega oss inn i det overnaturlege
og underfulle, og bli kjent med ditt rikes lover og krefter.
Løys oss frå alt som bind oss og som hindrar oss i å utfalda oss og bevega oss mot deg og dine mål.
Gje
oss pionersinn slik at me går inn og introduserer deg for menneske i
miljø der evangeliet er ukjent eller opplevest totalt uaktuelt og
irrelevant.
Gjer oss modige på dine vegne og ikkje la oss skremma av alle slags Goliatar som reiser seg mot deg, ditt namn og ditt ord.
Gje oss den ånd som Elia hadde då han utfordra løgna på Karmel.
Må våre barn og unge bli fanga av Andens vind og tekne med på di reise.
Kom med rettferd og fridom til alle kristne som sit i fengsel, eller som på andre måtar vert forfølgde for trua si.
Abonner på:
Innlegg (Atom)
Terroraåtak i Magdeburg i Tyskland
Som sikkert alle har fått med seg har ein saudiarabisk lege i Tyskland valt å køyra full fart med bil inn i ein julemarknad full av folk....
-
Kjelder: CIA World Factbook. Pray for the world (Patrick Johnstone) Folketal: 31 304 016 (juli 2016) 912 050 km2. 52,1 % regnskog. 3,1%...
-
I Pakistan bur det 189 millionar innbyggjarar fordelt på 393 folkegrupper. Det blir snakka 77 ulike språk i landet. Islam er den domineran...
-
Den ugandiske evangelisten Richard Malinga (36) vart drepen av den 17.juni medan han forkynte Guds ord for muslimar aust i landet. Han var p...