mandag 26. september 2016

26.september 2016


PAKISTAN

Pakistan har over 180 millionar innbyggjarar. Av desse er 1,1% evangelisk kristne. Landet er definert som ein islamsk stat, og har sharialovgjeving. Dette inneber m.a. at dei har ekstremt strenge blasfemilover som ofte fører til strenge fengselsstraffer både både kristne, bahaifolk, ahmadiamuslimar og shiamuslimar. Oftast er blasfemiklagemåla falske og vikarierande, men dei som melder nokon for blasfemi, får ofte saka si gjennom utan fnugg av prov. Pakistan har over 350 heilt unådde folkeslag, og dei fleste menneska i landet har aldri høyrt om Jesus Kristus som frelsar og Gud.
 Kjære gode Gud!







Sjå i nåde til Pakistan og befolkninga der. Må lyset ditt fløyma over landet slik at alle i Pakistan snur seg mot lyskjelda.  Styrk kyrkja di, gjer dei kristne til disiplar og hjelp dei å ta misjonalt ansvar for landet sitt. Gje kraft til alle som sit i fengsel for trua si, og me tenkjer særleg på Asia Bibi og Imran Ghafur. Løft dei kristne opp slik at dei ikkje let seg knuga av kasteideologien og av redsle for overlast.


Balinesarar i Indonesia

Folketal: 4 millionar. Språk: Bali. Bibeltilgang: Heile. Religion: Hinduisme. Det er nesten ingen kristne balinesarar. Balinesarane er kjende for å vera eit kunstferdig folk.

Herre Jesus Kristus! Må dagen koma då du gjestar dei som bur på Bali. Aus Anden din utover dei og driv dei til omvending og tru. Styrk dei få kristne balinesarane mektig, og gjer dei til dine modige og tydelege vitner. Må det bli planta ei sterk og levande kristen kyrkje i Bali, eit bruhovud for ditt rikes framgang blant balinesarane. Amen! 


 

Ingen kommentarer:

Kristne i Nigeria ventar nye dødlege åtak mot kyrkjene sine denne jula

  Foto: Mission Network News Me førebur oss alle til jul. Det er baking og vasking opp og i mente. Men i Nigeria ter det seg ganske på ein a...