Kurmi er den største jordbrukskasten i India. Dei tel 19 millionar menneske. Språk: Hindi, som også er bibelspråk. Kurmi er drivande flinke bønder, dei får ting til å gro, og dette har gjort dei relativt velståande. Dei har ei redsle i seg for at kristne skal koma og røva dei unge frå dei, og er difor veldig skeptiske til den kristne trua.
Kjære Herre Jesus! Me ber om at du skal tala mildt til dette folket, og forsiktig fjerna alle mistydingar som plagar dei og hindrar dei i å venda om til deg og ta imot din nåde. Aus Andne din utover dei slik at dei blir forskrekka over syndene sine og blir desperate etter frelse. Må ditt rikes krefter og lover bli kjent for dei og innta liva deira. Me ber i ditt namn! Amen!
Jesus vil at hans tempel skal vera eit bønehus for alle folkeslag. Det vil me ta på alvor. Me som trur er hans tempel i dag, og aldri før har me hatt reidskapar som no til å vita kven me skal be for og kva me skal be om. Difor vil me i denne bloggen gje deg informasjon om og hjelp til å be for nasjonar, unådde folkeslag, forfølgde kristne, forutan for folk som kjem opp i kritiske situasjonar. Følg med, og send gjerne inn dine bidrag til jethore@online.no, eller på bloggen sin kommentarplass.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ei bøn for Israel under åtak
• Abraham, Isak og Jakobs Gud, vår Herre Jesu Kristi Far! • Landet og folket ditt er under åtak, og dei fleste av verdas l...
-
Hellas er eit land på 132 000 kv km og med eit folketal på vel 11 millionar. Dette landet har ein overmåte rik kulturarv frå antikkens tid, ...
-
I Pakistan bur det 189 millionar innbyggjarar fordelt på 393 folkegrupper. Det blir snakka 77 ulike språk i landet. Islam er den domineran...
-
Dag 2 (7. mai) – Egypt kjelde: www.30dagersbonn.no Gjestfrihetens tradisjoner i forandring Egyptiske kristne server gratis ifta...
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar